Sidar Kartal

Sidar Kartal

Sidar Kartal

Spesialkonsulent
Mobil: 46 22 50 44
E-post

Eg er særleg oppteken av tema knytt til tvungen migrasjon: At nykomne einslege mindreårige, vaksne asylsøkarar, flyktningar som deltek i introduksjonsprogrammet og flyktningar som er tilknytta ulike tenester, får hjelp som gagnar dei. Barn og familiar som bur i eksil og barn og familiar i sårbare situasjonar kan ha ulike utfordringar. Trygge fagfolk som forstår desse utfordringane, gjev god hjelp for familiar.

Traumatisk stress bør sjåast i si samanheng, gjennom heilskapleg tenking kan tenester gi hensiktsmessig hjelp og oppfølging av sine innbyggjarar. Difor har eg særleg fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Eg trur på at offentlege tenester er avhengige av kvarandre sine ressursar for å oppnå felles mål.

Brenn for kompetanseutvikling, mangfald, inkludering, livslang læring, heilskapleg tenking, traumeførebyggande, kultursensitiv karriererettleiing og minoritetsperspektiv i barnevernet.

Er hageentusiast og trur på at vi har mange felles trekk mellom natur og menneske. Vi har mykje å lære av naturen.

Barneverntenesta, arbeid med menneske med samansette behov, integreringskonsulent, jobbspesialist, karriererettleiar og koordinator etter integreringslova i Vestland fylkeskommune.

 
  • Bachelor i sosialarbeid- Høgskolen i Bergen (HIB)
  • Master i organisasjon og ledelse – Høgskolen på Vestland (HVL)