Aktuelt
Septemberkonferansen 2023: Traume og krig
F.v: Chiku Ali, spesialkonsulent ved RVTS Vest og Sanne Bach, psykologspesialist ved RVTS Vest.
Kva betyr det å ha traumeerfaringar frå krig, og kva kan vi gjere for å hjelpe?
Krigen kjem stadig nærare, også i vår del av verda. Ein reknar med at det vil være svært mange menneske med krigserfaringar som kjem i tida framover. I tillegg bor det allereie fleire vaksne, eldre og barn med denne type erfaringar i Noreg.
– Korleis kan vi møte og hjelpe desse menneska? Spør Chiku Ali og Sanne Bach, som er fagleg ansvarlege for årets konferanse. – Det er nettopp dette konferansen skal bidra til å finne svar på, seier dei.
Tre dagars «happening»
– Vi startar allereie med ein spennande pre-konferanse den 6. september, kor fokus er traume hos veteranar og deira familie. Det er mange faggrupper som møter veteranar og deira familiar, og som vil trenge meir kunnskap for å forstå kva utfordringar «veteranfamiliar» har. Prekonferansen har eit spennende program som vil bidra til auka forståing for traume og krig, frå ei rekke «veteranperspektiv», seier Sanne.
– På kvelden den 6. september arrangerer vi «Septemberkonferansen in a nutshell» på Litteraturhuset i Bergen. Dette er eit gratis arrangement som gir ein liten smakebit på konferansen, med panelsamtale om temaet traume og krig, seier Chiku. – Målgruppa for denne dagen er dei som av ulike grunnar ikkje har anledning til å delta på dei andre dagane. Arrangementet er ope og gratis, og det er «første mann til mølla».
– Hovudkonferansen er 7. – 8. september, kor den første dagen handlar om korleis erfaringar med krig pregar menneske, både psykisk og psykosomatisk. Den andre dagen er fokus på ulike tiltak for å handtere traumatisering og andre utfordringar etter krigserfaringar, fortel Sanne.
– Det vi ønsker, er at deltakarane får styrka si forståing og meistringsfølelse i forhold til å møte, gå i dialog og hjelpe menneske som har flykta frå krig, seksualisert vald og/eller tortur i krig, fortel Chiku. – Vidare vil det vere fokus på korleis ivareta mindreårige flyktningar og forebygge radikalisering, seier ho.
– Korleis legge til rette for integrering og korleis støtte flyktningforeldre i ivaretaking av eigne barn i heilt ny kontekst, er også viktige tema på konferansen, seier Sanne.
Vi ser fram til tre spennande og lærerike dagar i Bergen 6. – 8. september 2023.