Aktuelt
Samarbeids- og samordningspris for arbeid mot vald i nære relasjonar 2018
- 24/10/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Konferanse Kurs/konferanse omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Vold Vold i nære relasjoner
Justis- og beredskapsdepartementet ønsker innspel til gode samarbeids- og samordningstiltak som kandidatar til pris for arbeid mot vald i nære relasjonar for 2018. Frist for å foreslå kandidatar er 16. november 2018.
Samordna innsats
I arbeidet for å forebygge og bekjempe vald i nære relasjonar er samordna innsats heilt avgjerande. Berre der dei ulike aktørane samarbeider godt med kvarandre kan vi sørge for at den som treng det får god hjelp til rett tid. Samarbeid er og avgjerande for det forebyggende arbeidet.
Justis- og beredskapsdepartementet vil også i 2018 dele ut ein samarbeids- og samordningspris. Prisen skal tildelast «gode, lokalt forankra og varige samarbeidsprosjekt som har som mål å forebygge og bekjempe vald i nære relasjonar».
Prisen er på 250 000 kroner. Prismidlane skal nyttast til å styrkje samarbeids- og samordningstiltaket.
Om forslaga
Forslag til prisvinnarar må innehalde ei beskriving av korleis tiltaket er organisert og kvifor tiltaket er ein god kandidat til å vinne prisen.
Kjelde: regjeringen.no
Les meir om korleis melde inn forslag på regjeringa si nettside. Prisen vert delt ut den 13. desember i Bergen på Nasjonal konferanse om gode modeller for samarbeid og samhandling i arbeidet mot vold i nære relasjoner, i regi av RVTS Vest og Justis- og beredskapsdepartementet.