RVTS har i oppdrag å bistå de kommunale psykososiale kriseteama for å ivareta og oppdatere kompetansen knytta til handtering av kriser, store ulykker og katastrofar. Grunnlaget for dette arbeidet er blant anna rettleiaren Mestring, samhørighet og håp Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer (IS-2428).
RVTS Vest prioriterer å bistå kommunane høgt. Undervisning og formidling skjer blant anna gjennom «kriseteamskulen» som totalt har eit oppsett med 5 kursdager kor heile programmet vert gjennomført 3 stader i region vest (Skei, Sandnes og Bergen)[1].
Erkjenninga av leiarens betydning for å få god funksjon på kriseteamarbeidet, gjorde at RVTS Vest tok initiativ til å etablere leiarnettverk av kriseteamleiarar og andre leiarar som har psykososialt ansvar (familievern, politi, kyrkje, Human-Etisk Forbund m.m). Det er etablert eit leiarnettverk i Rogaland [2], kor fokus er på leiarrolla og ansvaret leiaren har for å syte for auka kunnskap, erfaring, oppdatert planverk, samarbeid og ressursar. Slik vil ein få betre beredskap.
RVTS Vest vil å bidra til auka forståing for prosessen før, under og etter som psykososial beredskap må bygge på. Vi vil formidle ein slik kompetanse via kunnskap, haldninger og aktuelle verktøy.
[1] Kriseteamskulen er organisert med 3 (1×3) basisdagar som er eit grunnleggande program der psykososial ivaretaking på kort og lang sikt (psykologisk førstehjelp), organisering, og ivaretaking av teamet sine medlemmer m.m er tema. I tillegg har vi 2 (2×1) påfylldagar der målgruppa er for «viderekomne» (fagpersonar som allereie har kjennskap til tematikken).
[2] RVTS og fylkesmannen (v/ fylkeslegen) etablerte eit fagnettverk i Rogaland allereie i 2011, der målgruppa var kriseteam og andre (familievern, politi, kyrkje, Human-Etisk Forbund, spesialisthelsetenesta) som hadde psykososialt ansvar relatert til Utøya-oppfølging. I 2014 vart også dei øvrige kommunane invitert inn. Målgruppa vart også endra til leiarar for kriseteam og andre (maksimum 2 deltakarar frå kvart kriseteam) i 2016 for å ha et lederfokus på videre kompetansearbeid innen nettverket.