Aktuelt
Rus- og valdsproblematikk skal behandlast samtidig og integrert
- 21/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Saman med KORUS Bergen og KORUS Stavanger, tilbyr RVTS Vest opplæringsprogrammet «Kompetanseutvikling rus og vold».
Opplæringsprogrammet inneheld 6 modular:
- Grunnkompetanse om samanhengen mellom rus og vald
- Motiverande intervju (MI)
- Kartlegging og utgreiing av rus- og avhengigheitsproblematikk
- Integrert behandling rus og vald
- VR-basert simulering
- Anabole androgene steroid
I vest har vi tilbudt programmet ei stund, og fått ein del erfaring med å lære opp avrusingsposter, FACT-team ved DPS og oppfølgingstenester i ulike kommunar saman, slik at dei har fått felles verktøy og blitt meir bevisste og tryggare på å møte rus og vald integrert.
Nyleg gjennomførte vi VR-modulen for to FACT-team og tilhøyrande kommunale einingar i Bergensområdet (Oppfølgingstenesta, Bergen kommune), samt for Funkishuset i Sandnes og Mestringsenheten i Sandnes (Sandnes kommune). Sjå informasjonsfilm om VR-modulen.
Vi startar opp eit nytt opplæringsprogram i vår som er fullteikna, men vi har kapasitet til deltaking frå nye einingar eller institusjonar frå hausten 2025.
Sjå intervju med tidlegare deltakar om arbeidsplassen sine erfaringar med deltakinga på programmet
Vil di teneste/ organisasjon/ bedrift ha meir informasjon om Kompetanseutvikling rus og vold?
Kontakt Sanne Bach, sanne.bach@helse-bergen.no