Aktuelt
Resultat frå «sakkyndig-rapport-prosjektet»
- 26/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
RVTS Vest har vore partnar i det store prosjektet «Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services», der ein har forska på innhaldet i og bruken av sakkyndige psykologar sine rapportar i barnevernssaker.
Prosjektet, som er finansiert av Forskningsrådet, nærmar seg slutten. I artiklane frå prosjektet er det mykje viktig kunnskap for arbeid med utsette barn og unge. Vi har laga ei kort oppsummering av dei to siste artiklane, saman med oversikt over og lenke til dei øvrige.
Kvaliteten på barnet si tilknytning
I den heilt ferske studien «An empirical study of the use of attachment theory in expert assessments in Norwegian child protection cases» av Braarud, Evans McGinn, Nordanger, Christiansen & Mæhle, finn ein at kvaliteten på barnet si tilknyting er vektlagt i vurderinga i meir enn 60 % av dei barnesakkyndige rapportane. Funnet vert drøfta i lys av ein felles advarsel som har kome frå leiande internasjonale tilknytingsforskarar mot å bruke dette perspektivet som vurderingsgrunnlag i enkeltsaker.*
Funnet vert også drøfta i lys av at dei sakkyndige i liten grad nyttar standardisert metodikk i vurderinga av barnet si tilknyting (blir gjort i 7 % av rapportane).**
Kulturhensyn og forbehold
Den nye studien «Utilisation of a cultural perspective in child welfare expert assessments in Norway» av Evans McGinn, Nordanger, Mæhle, Christiansen og Braarud, viser at 55 % av rapportane om innvandrarfamiliar brukte eit kulturperspektiv i vurderinga, samanlikna med 2 % av rapportane om ikkje-innvandrarfamiliar. Vidare uttrykte dei sakkyndige tvil eller usikkerheit, presenterte alternative hypotesar, og reflekterte over sin eigen påverknad på situasjonen (til dømes at det å bli vurdert kan vere stressande for foreldre) i henhaldsvis 38 %, 19 % og 16 % av rapportane. Funna vert drøfta i lys av retningslinene for sakkyndige rapportar, spesielt med tanke på bruk av kulturperspektiv og framheving av forbehold, usikkerheit og alternative hypotesar.
Dei involverte sine erfaringar med rapportane
Dei nemnde publikasjonane kjem frå den delen av prosjektet som har undersøkt arkivet av sakkyndige rapportar, der Polly Evans McGinn har vore stipendiat. Fleire artiklar er no under publisering.
Dei fleste som allereie er publisert, er imidlertid frå den delen av prosjektet som har undersøkt involverte partar sine erfaringar med rapportane – kva for rolle dei har spelt i beslutningsprosessane. Her har Rakel Aasheim Greve vore tilknytt stipendiat.
Oversikt over artiklane frå denne delen:
- Samsonsen, V., Greve, R. A., Christiansen, Ø., & Jørgensen, T. (2024). Social workers’ experiences of the use of experts in child protection cases: A comparative study from Norway and England. European Journal of Social Work.
- Nordanger, D., Mæhle, M. O., Christiansen, Ø., Jørgensen, T., Samsonsen, V., & Braarud, H. C. (2024). Sakkyndige psykologers refleksjonar om Barnesakkyndig kommisjons kvalitetssikrande funksjon. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 61 (10), p.678-687.
- Greve, R. A., Persdotter, B., Christiansen, Ø., & Jørgensen, T. (2023). The importance of information processing in child protection cases: A study of social workers’ integration of other professionals’ knowledge. The British Journal of Social Work, 54(5), 1516–1534.
- Greve, R. A., Christiansen, Ø., & Jørgensen, T. (2023). Social workers’ perspectives on the role and function of independent experts in care proceedings in Norway: Contributions and devaluation. Child & Family Social Work, 28(2), 315–324.
- Greve, R. A., Jørgensen, T., Christiansen, Ø., Samsonsen, V., & Braarud, H. C. (2023). Independent experts in care order proceedings: A scoping review. European Journal of Social Work, 26(6), 1045–1058.
Prosjektet har hatt viktige samarbeidspartnarar i Birgitta Persdotter, Karlstad Universitet, Arne Kristian Myhre, NTNU, og Judith Masson, University of Bristol, og fått innspel undervegs av ei kompetent rådgjevargruppe beståande av Bodil Solheim, Håkon Rastum, Elisabeth Abelvik, Foreningen for barnevernsbarn, med fleire.
Fotnoter:
- *Forslund, T., Granqvist, P., van IJzendoorn, M. H., Sagi-Schwartz, A., Glaser, D., Steele, M., … Duschinsky, R. (2021). Attachment goes to court: child protection and custody issues. Attachment & Human Development, 24(1), 1–52.
- Granqvist, P., Sroufe, L. A., Dozier, M., Hesse, E., Steele, M., van Ijzendoorn, M., … Duschinsky, R. (2017). Disorganized attachment in infancy: a review of the phenomenon and its implications for clinicians and policy-makers. Attachment & Human Development, 19(6), 534–558.
- **Braarud, H. C., Evans Mcginn, P. F., Nordanger, D. Ø., Christiansen, Ø., & Mæhle, M. O. (2024). Expert reports: an empirical study of the use of attachment theory in expert assessments in Norwegian child protection cases. Attachment & Human Development, 26(6), 625–640.