Aktuelt
Ressurs i arbeid med flyktningar og asylsøkjarar
- 08/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Krig
I verda er det over 80 millionar menneske på flukt frå krig og konflikt.
Flyktningar møter ofte utfordringar knytt til endringar og påkjenningar i livssituasjonen, for eksempel tap av sosialt nettverk. Dei må også takle møtet med ein annan kultur, og mange flyktningar har i tillegg opplevd traume før eller under flukten.
Flyktning.net er ein ressursportal kor ein kan lære meir om kvifor menneske flyktar, kva rettar dei har når dei kjem til Noreg, om bruk av tolk og korleis vi kommuniserer om sjukdom og helse. Her har vi samla fagstoff om forebygging, psykososiale tiltak og behandling.
Alle som møter asylsøkjarar og flyktningar i sitt arbeid eller som frivillig, kan finne relevant informasjon i flyktning.net. Portalen samlar mykje eksisterande fagstoff.
I ein nyhetsserien vil vi presentere nærmere dei ulike hovedområda i flyktning.net.
Flyktningar si reise
Kvifor flyktar menneske og korleis er reisen fram til bosetting eller retur? Her kan du lære mer om kvifor menneske flyktar, kva som kan skje under flukten, kva som skjer ved ankomsten til Noreg, kva det inneber å få avslag på asylsøknaden og om korleis tilvære er som bosatt flyktning.