Råd kring opning av skular
Illustrasjonsfoto: Taylor Wilcox, Unsplash
Til lærarar og skuleleiarar
Denne våren har det vore unntakstilstand på norske skular. Skulane har vore stengt i fleire veker og både elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette har måtta tileigna seg ny kompetanse.
Når elevane kjem tilbake til skulen kjem dei tilbake til en forholdsvis lik skulekvardag som før stenginga. Men, skulekvardagane dei har hatt i mellomtida har vore ulik for alle. For nokre har dette vore ei vanskelig tid, for andre bra, og for andre igjen heilt middels. Dette kan også gjelde lærarar. Nokre kan tidlegare ha strevd med den vanlige klasseromundervisinga, men fått til god kontakt med elevane på digitale plattformar. Andre kan ha opplevd god mestring i arbeidet før stenginga, men kan ha opplevd den digitale lærarrolla som utfordrande. For mange har det vore krevjande å skulle handtere jobbrelaterte oppgåver og samtidig skulle følgje opp eigen familie og eigne barn.
For å få ein så god start som mogeleg, samtidig som ein tek på alvor den påkjenninga denne perioden kan ha vore for både elevar og tilsette, er det viktig at skulane legg til rette for samtalar der både elevar og tilsette får anledning til å snakke om sine reaksjonar og erfaringar.
Samtale mellom lærar og elevar
For mange born vil det være godt å kome attende til skulen, men av ulike grunnar.
Dei fleste trivs på skulen, opplever meistring, og har gode relasjonar der, og gler seg av den grunn til å kome attende. For andre har skulen vore ei fristad frå belastningar i heimen, slik at denne tida har vorte ekstra belastande.
Arbeidsforma stenginga har krevd, kan også ha passa godt for nokre elevar. Det vil være elevar som opplever den vanlige skulekvardagen som stressande og utfordrande, og som har blomstra og fått brukt sine ressursar på ein betre måte under stenginga. Dette er også ei erfaring det blir viktig å ha med seg vidare, og i den grad ein kan vidareføre element som har fremja disse elevane si fungering.
Det er å anbefale at ein har ein fellessamtale med elevane ved oppstart, men at ein som så snart som råd finn rom for individuelle samtaler. Helst bør dette skje første veka. Dette kan gjerast ved å lage fellesaktivitetar for klassen og trinnet, slik at ein frigjer personalressursar til slike samtaler. Ein kan også nytte fast vikar på klassen. Lærarar vil som oftast vite frå før kva elevar det haster mest med, men det blir også viktig å nå alle. Dette fordi barn som vanlegvis har ei god fungering, kan ha opplevd at situasjonen har utløyst reaksjonar av angst og uro.
Det er viktig å være ein del av den faglege landsbyen og ha dei tenester som trengst tilgjengeleg. Skulane bør ha sikra seg ved avtale med barnevern, PPT og BUP for det som kan kome fram i desse samtalane. Helsesjukepleiar/miljøterapeutar ved skulane må og involverast og vere tilgjengelege.
Tema for samtalar
Det er særleg tre tema vi tenkjer som sentrale tema ved oppstart.
Dei må sjølvsagt tilpassast alder og kognitivt nivå. Men dei gjev ei retning å nærme seg tema på:
For lærar:
Det er viktig å ha ei kort runde i plenum, for så å seie at de ynskjer å snakke med kvar elev om korleis dei har opplevd denne tida. Lærar har kanskje hatt samtalar med mange av elevane, og nokon har snakka med foreldre jamleg. Lærar må vere bevisst teieplikta, og berre nytte informasjon som elevar og foreldre har delt som bakgrunnsopplysningar for seg sjølve . Sjå elles dei innleiande kommentarane.
Forslag til innleiing til samtale:
Nesten alle har vore heime heile tida. Det har vært annleis og rart for oss. Nokon har kanskje vore veldig mykje åleine og andre har kanskje vore mange saman heile tida. Nokon har klart å jobbe mykje, andre litt mindre.
• Korleis har det vore for dykk?
• Korleis trur de det vert å starte igjen?
• Er det noko de kjem til å sakne med heimeskulen?
For lærarar :
Vi må være merksame på at elevane har fått med seg at barn av foreldre med samfunnskritiske jobbar har fått skuletilbod, samt at nokre barn har vore på skulen av andre årsaker. Vi anbefalar at dette vert snakka om med alle klassane.
Dei som har fått tilbod om å vere på skulen grunna omsorgsforholda i heimen, språkopplæring eller av andre grunnar, kan ha behov å få sette ord på korleis dette har vore, saman med lærer åleine. Det kan vere godt for eleven å få snakka om si forståing av kvifor akkurat han/ho har fått vere på skulen.
Forslag til innleiing til samtale:
Det er nokon som har vore på skulen. Det er barn av dei som har jobba og dei som ikkje har hatt tid eller muligheit til å undervise barna heime. Veldig mange har jobba, sjølv om skulane har vore stengt. Nokon har hatt eldre søsken som har kunne passa på dei og hjelpe til, nokon har hatt foreldre heime, andre har fått tilbod om å vere på skulen.
Lærar må straks ta tak i det, dersom det å ha vore på skulen vert gjort narr av. Snakk med den/dei som gjer det, og den som eventuelt kjenner seg utsett.
For lærarar:
For mange kan det med bestevener og kameratskap ha vore vanskeleg. Det har kome reglar om berre å vere saman med nokre få, og å halde seg mest mogeleg heime. Familiar har tolka og handtert dette ulikt. Eksempelvis kan enkelte innvandrarfamiliar ha hatt vanskar med å forstå konteksten kring stenginga, og kan ha reagert med isolere familien meir enn naudsynt. Nokre elevar kan altså ha ei oppleving av utanforskap.
Det ser likevel ut til at mange barn har funne kvarandre gjennom sosiale mediar, online-spel og liknande. Men når så mykje sosialt samspel er flytta over på digitale plattformar, kan også uheldige ting ha skjedd der. Som i vanleg analog leik, kan ein også verte mobba og utestengd på digitale plattformar. Tema “digital danning” bør inn på timeplanen. Mange elevar har nok her personlege historier som kan nyttast.
Forslag til innleiing til samtale:
Vennskap har vore vanskeleg for mange fordi statsministeren var nøydt til å bestemme at vi ikkje kunne være saman med mange av venene våre. Det måtte ho gjere for at vi ikkje skulle smitte kvarandre. Det gjorde at det vart leit for ganske mange. «Kvifor valde Dina å vere med Jenny i staden for meg?» Nokre gonger er sånne val tilfeldige eller kanskje vaksne har tenkt at det var lurt på den måten. Når vi ikkje veit og kjenner oss åleine, kan vi verte lei oss og tenke på kvifor dei ikkje valde oss. Det er lett for at vi tolkar feil, så då er det lurt å snakke med vaksne som kan hjelpe. Dette vil vi her på skulen gjerne hjelpe til med å ordne opp i.
• Kva tenkjer du?
• Korleis er dette for deg?
• Er det andre måtar ein kan forstå det på?
• Kva kan du gjere dersom nokon er lei seg eller kjenner seg utanfor?
• Korleis kan du vere ein god ven?
Det er viktig å anerkjenne at det kan være vanskelig å snakke om det å være lei seg og såra, og kva som kan skje når vi ikkje forstår andre og prøver å finne meining sjølv.
Film om koronasituasjonen, som vaksne kan sjå saman med barn. Filmen kan nyttast som utgangspunkt for samtale, både om korleis vi menneske har det i koronakrisa, men også ellers når vi opplever noko som er vanskeleg. Anbefalast for dei yngste barna.
Samtale mellom leiing og tilsette
Situasjonen med stengde skular har og vore krevjande for skuleleiing, lærarar og andre tilsette.
Nokre har vore på skulane og ivaretatt borna som har tatt tilbod der, andre har jobba heimanfrå. Nokre kan tidlegare har strevd med den vanlige klasseromundervisninga, men fått til god kontakt med elevane på digitale plattformar. Andre kan ha opplevd god mestring i arbeidet før stenginga, men kan ha opplevd den digitale lærarrolla som utfordrande. For mange har det vore krevjande å skulle handtere jobbrelaterte oppgåver og samtidig skulle følgje opp eigen familie og eigne barn.
Når skulane opnar igjen, kan tilsette møte utfordringar på fleire nivå: Ivaretaking av elevar, bekymring for eigen tryggleik når det gjeld smitterisiko, manglande meistringsoppleving og undring kring organisering av undervisning (knytt til gode erfaringar frå heimeskuleperioden).
Det er viktig at leiinga tek seg tid til oppfølgingssamtalar med dei tilsette kring desse tema.
For kommunar og skuleleiing før ein opnar skular
Basert på omsyn til smitte vil det å opne skular og barnehagar krevje planlegging.
Det er sprikande omsyn mellom kravet til at opninga skal vere grunnlagt på prinsippet om barns beste, og det overordna kravet om ivaretaking av liv og helse.
Ein del skuletilsette vil truleg, av ulike årsaker, vegre seg for å vende attende til skulen. Det same gjeld foreldre som kan vegre seg for å sende barna til skulen og barn som kan vere utrygge for å kome attende til skulen. For alle vil opplevinga av følt tryggleik vere det sentrale.
Opplevinga av tryggleik vil vere resultatet av ein prosess som vil vere ulik for kvar person og kvar gruppe. I denne prosessen er det også viktig at borna sine behov og stemmer vert høyrt og forstått. Den avgjersla regjeringa no har teke, tek omsyn til denne prosessen.
Referansar og andre ressursar
SNAKKE fra RVTS
Forandringsfabrikken
Redd Barna
Bufdir
Takk til Hanne Steen ved Bergen Læringssenter og rektor Bjarte Ramstad ved Trudvang skule for gode innspel og drøftingar.
Utarbeida av RVTS Vest v/ Inge Nordhaug, Steinar Hvål, Dag Nordanger, Reidar Thyholdt og Linda R. Kvalvik.