Aktuelt
Råd i samband med ubehageleg innhald i sosiale media
- 11/09/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn barnesamtalen Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging
Foto: Luke Porter / Unsplash
Den siste tida har det blitt delt ein film i sosiale media som inneheld svært sterke inntrykk. Det er små barn som har sett filmen utan å vere forberedt. Anbefalinga til foreldre, lærarar og andre vaksne, er å ta opp slike hendingar i samtaler med barn og ungdom.
RVTS Øst har utarbeidd råd om korleis ein kan snakke med barn om ubehagelig innhald i sosiale media. Ein kan også finne gode retningsliner for korleis ein på trygg måte kan kommunisere om sjølvmord på digitale flater i guiden #chatsafe, utvikla av det australske forskningssenteret Orygen. Guiden er oversatt til norsk, og er beskrevet og anbefalt i regjeringa sin nye handlingsplan for forebygging av sjølvmord.
Psykiatrisk sjukepleiar Gudrun Austad og psykolog Åse Mattson frå RVTS Vest, er begge opptekne av kva denne type eksponering kan gjere med barn og unge. Dei seier at det er viktig å ha trygge vaksne å snakke med. Samstundes ser ein også at ungdommar er opptekne av å åtvare kvarandre om ubehageleg innhald på nett – noko som også er positivt.
Ta kontakt med RVTS Vest dersom di teneste har behov for råd eller rettleiing i samband med dette temaet.