Psykososial oppfølging

 

Foto: pixabay

Det vert stilt høge krav til den hjelpa og omsorgen som vert gjeve til ramma og råka i den akutte situasjonen og psykososial ivaretaking i tida etterpå.

Dei fleste som opplever alvorlege traume og kriser vil meistre dette utan ekstra hjelp og støtte frå fagpersonar. Men nokon kan få svært sterke reaksjonar som kan føre til alvorlege symptom og redusert livskvalitet på sikt. Det vil truleg bli auka behov for denne kompetansen i framtida, relatert til ulykker, naturkatastrofar, trugslar om terror og at mange menneske er på flukt.

Kommunen har som kjent eit overordna ansvar for psykososial ivaretaking av alle som befinner seg i kommunen om det skjer ei krise, ulykke eller katastrofe. Mange aktørar er involvert, og ei god og hensiktsmessig oppfølging forutset tverrfagleg samspel. Likevel kan ein seie at dei kommunale psykososiale kriseteama er grunnsteinen i dette arbeidet. Desse teama skal ha høg kompetanse på psykososialt krisearbeid og vere ein ressurs og støtte i samband med kriser, ulykker og katastrofar.

Både auka kjennskap til behovet for psykososial oppfølging, og auka forventningar hos befolkninga til kriseteama, fører til at dei får fleire oppgåver og vert aktivert i stadig fleire situasjonar. I den kommunale kvardagen er det likevel enkelthendingar med begrensa omfang som er den vanlegaste årsaka til at kriseteam vert aktivert. Det er i samband trafikkulykker, sjølvmord og andre dramatiske dødsfall, at dei fleste kommunale kriseteam vert aktivert. Truleg vil det vere slik fremtiden også, men kriseteama vert også aktivert om det skjer større katastrofar, difor er det viktig å vere forberedt.