Kompetanseprogram for kriseleiarar​

Psykososial ivaretaking - Relasjonar og det mellommenneskelege perspektivet

Eitt-årig kompetanseprogram for kriseleiarar, med hovudfokus på det mellommenneskelege perspektivet.

Målgruppe

Kriseleiarar i offentlege verksemder, leiarar av kriseteam og øvrig kommunal kriseleiing, grupper med innsatspersonell (helse-, politi), forsvaret, frivillige organisasjonar og andre relevante etatar.

Mål

Hovudmålet med programmet er at deltakarane utvikler sin mellommenneskelege kompetanse som kriseleiar og aukar grunnlaget for å lykkast når det skjer ei krise.

Omfang

Kompetanseprogrammet går over eitt år, og inneheld 4 samlingar á 2 dagar og ein 3-dagars-samling.

Relasjonar, kommunikasjon og samspel kan by på utfordringar for dei fleste av oss i arbeidskvardagen. Dette kan vere ekstra utfordrande, og samtidig avgjerande når vi må handtere kritiske hendingar.

Kriseleiing inneber to sentrale utfordringar; 1) konsekvensane av sjølve hendinga(ne) i samspel med avgjerdene som vert fatta, og 2) møtet med sterke emosjonar.

Å ta avgjerder under ei pågåande krise har ofte større konsekvensar enn i normalsituasjonar. Kvaliteten på kriseleiing blei faktisk sett på som meir avgjerande enn mangel på ressursar, behov for ny lovgjevnad, organisering eller store verdival etter 22-juli terroren (Gjørvkommisjonen).  Ein dyktig leiar er oppteken av å etablere tillit, gode relasjonar og samspel, både før og etter krisa, for å lykkast med det mellommenneskelege leiarskapet under krisa aukar.

Leiarskap under ei krise stiller store krav til deg som leiar. Det gjeld handtering av ein uoversiktleg situasjon, møtet med eit stort spekter av emosjonar både hos dei ramma og hjelparane gjerne kombinert med  pågåande nyheitsmedia. Kva med dine eigne følelsar og reaksjonar i ein slik samanheng, korleis handterer du det?

Psykososial kompetanse er ein avgjerande faktor i all krisehandtering. Vi tilbyr eit program for leiarar der det mellommenneskelege perspektivet og relasjonar er ei sentral målsetting. Førebuing, både mentalt og praktisk, er avgjerande når det kjem til krisehandtering. Deltakarane i programmet får moglegheit til å lære seg sjølv betre å kjenne innanfor trygge rammer. Dette skjer ved leiartrening både i plenum og i grupper. Det blir lagt vekt på leiarrolla under kriser, stresshandtering, situasjonsforståing, kommunikasjon, samhandling og personleg utvikling.

I den siste samlinga av programmet er planlegging og gjennomføring av øvingar eit sentralt tema. Opplæringa inkluderer også handtering av både tradisjonelle og sosiale medium.

Programmet medverkar til auka psykososial kompetanse hos personar med leiarfunksjonar ved kriser og katastrofar i organisasjonar. Det vil også kunne bidra til betre teamfunksjon og auka samarbeid mellom involverte instansar. Leiarar frå ulike etatar får anledning til auka forståing for dei einskilde aktørane si rolle og funksjon ved kriser og katastrofar, og slik betre samarbeid både internt og på tvers av tenester og profesjonar.

Vanskegrad og krav til gjennomføring av trening og øvingar blir lagt på eit nivå som gir både positiv erfaring og utfordringar. Både meistring og forbetringselement blir vektlagt i tilbakemeldingsprosessen. Deltaking gir høve til etablering av eit fagleg nettverk mellom deltakarar etter at programmet er gjennomført.

Forsking og erfaring viser at fellestrekk hos dyktige kriseleiarar er ei oppgåveorientert prioritering, kombinert med ei trygg og ærleg (autentisk) leiarstil (Nesse, 2017). Ein robust personlegheit kan også vere ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb som kriseleiar. Likevel, det viktigaste er trening, både under reelle hendingar og øvingar, for å bygge kompetanse og erfaring. Når det verkeleg skjer, så gjer dette ein vesentleg skilnad.

Ide og innhald i leiarprogrammet vart gjennomgått og drøfta med erfarne leiarar frå ulike relevante instansar (kriseteam, politi og forsvaret) samt anerkjente forskarar på fagfeltet. Programmet vart fyrst gjennomført frå februar 2023 til februar 2024. Tilbakemeldinga frå deltakarane var svært positiv, noko som var ein viktig faktor for avgjerda om å tilby det ein gong til.   

Bilde av Finn Ove Arnes.

– For meg har samlingane vore veldig nyttige. Forelesarane har vore gode, tema og fokus har vore svært relevant. I tillegg har eg hatt veldig stor nytte av erfaringsutveksling. Det å vere saman med folk som jobbar med det same, sjølv om vi har ulike jobbar, så har den erfaringsdelinga vore kjempeviktig for meg. Eg lærer mykje av det.

Ny runde med opplæring i 2024 -2025!

Deltakaravgift: 20.000,-

Deltakeravgiften inkluder dagpakkar på samlingane. Utgifter til reise- og opphold er ikkje inkludert. Frist for å melde interesse er 20. februar, og svar på om du får plass kjem i starten av mars 2024.

Maks 24 deltakarar. 

Ny runde med opplæring i 2024 -2025!

Første samling: 

10. og 11. april 2024, Voss

Tema: Trygghet og gjensidig ivaretakelse

Dag 1: Presentasjon og forventninger, Erfaringsutveksling                                                                  

Dag 2: Oppbygging og ivaretakelse av teamet. Hvordan utvikle et godt fungerende team? Lederstøtte

Andre samling:

Dato: 12. og 13. september 2024, Solstrand                                       

Tema: Møtet med stress og emosjoner

Dag 1: Ivaretakelse av ulike grupper, KAOS eller- samarbeid med andre instanser, media.                                                                                                                            

Dag 2: Kommunikasjon og informasjon erfaringsutveksling. Stressmestring – dempe eget og andres stress.

Tredje samling:

Dato: 14. og 15. november 2024, Bergen

Tema: Etiske dilemma og holdninger

Dag 1: Etikk- et viktig lederansvar. Hva gjør du for ikke å trå feil når du som kriseleder opplever et etisk dilemma. Verdier, holdninger og erfaringer

Dag 2: Etiske dilemma, Erfaringsutveksling

Fjerde samling:

Dato: 22. og 23. januar 2025, Bergen                          

Tema: Å bli bedre kjent med seg selv i lederrollen

Dag 1: Lederstil, situasjonsforståelse, beslutningene, handlekraft krav til kommunikasjon                                                                                             

Dag 2: Kommunikasjonsstil og samspill, situasjonsbestemt ledelse, konflikthåndtering og anerkjennende intervju

Femte samling: 

Dato: 12., 13. og 14. mars 2025, Scandic Flesland

Tema: Øving og mediehåndtering

Dag 1: Trening på planlegging av scenario, øvingsmoment og dreiebok

Dag 2: Håndtering av media

Dag 3: «Øvelse gjør at du mestrer». Avslutning

Deltakaravgift: 20.000,-

Deltakeravgiften inkluder dagpakkar på samlingane. Utgifter til reise- og opphold er ikkje inkludert. Frist for å melde interesse er 20. februar, og svar på om du får plass kjem i starten av mars 2024.

Maks 24 deltakarar. 

PDF til utskrift (med informasjon om forelesarar)