Aktuelt
Oppstart av mentoropplæring i haust
- 12/08/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Psykisk helse Radikalisering Undervisning Voldelig ekstremisme
Foto: Fabrizio Verrecchia / Unsplash
I haust startar vi opp mentoropplæring om forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring er ei opplæring om forebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme, og har som mål å utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:
- står i fare for å gå inn i en radikaliseringsprosess
- har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
- har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
- er barn av fremmedkrigarar
- samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk
Målgruppe for utdanninga:
Personar som har ein jobb der dei kjem i kontakt med sårbare unge, vaksne og deira pårørande. Til dømes tilsette i utekontakten, barnevern, familievern, lærarar, flyktningeteneste, skulerådgjevar, psykisk helse, SLT-koordinator, politi, NAV, tilsette i frivillige og religiøse organisasjonar.
Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakrunn og jobbkontekst. Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærte deltakarar; for eksempel som miljøterapeutiske mentorar, medlem i kommunale ressursteam eller som ressurspersonar på sin arbeidsplass.