Om teama

Kollage

Dei kjem frå tre kontinent, men har det til felles at dei alle har barn i skulealder. – I mitt heimland er det både familien og naboen sitt ansvar å oppdra barn, fortel Hewit frå Eritrea som deltek i ei ICDP-gruppe.

Det vesle rommet på Katedralskolen er fylt av krydderlukta frå injera fylt med linser, kjøt og chili. På stolane rundt sit deltakarane i foreldregruppa; Lienite frå Latvia, Josephine frå Filippinane, Hewit frå Eritrea og den einaste mannen i flokken, Awad frå Sudan.

Psykologspesialist Patrick O’Loughlin frå RVTS Vest og minoritetsrådgjevar Elisabeth Harnes frå IMDI, har leia gruppa som har møttes ein gong per veke i 12 veker.

– Velkommen attende til gruppa. Har de hatt ein fin sommar, spør Patrick dei fire deltakarane.

Frå å ha tenar, til å bli tenar

Latviske Lienite har to barn på 16 og 19. 

– I løpet av desse møta har eg fått ny innsikt. Eg har fått vite noko om korleis eg skal oppføre meg som forelder her i Noreg. Eg har òg fått kunnskap om korleis skulesystemet fungerer. Eg er òg veldig glad for at eg har fått lære meir om andre kulturar og når vi møtst har vi ofte med oss mat frå våre respektive land.

Josephine har fire born. To i Noreg som er 11 og 17. Attende på Filippinane sit to, medan mamma er i Noreg.

– Det verste for meg har vore språket. Eg har vore her i to år, men går framleis på skule. Det er umogleg å få jobb når eg ikkje snakkar godt norsk. På Filippinane arbeidde eg i bank og hadde tenar. No er eg tenar.

Josephine syns det har vore ein stor overgang.

– Eg klagar ikkje, men overgangen har vore stor. No arbeider eg som barnepassar dann og vann. Det positive er at eg har meir tid til å vere med sonen min her i Noreg. Her i gruppa treff eg andre som òg slit med dei same problema som eg har. Det er ei fin støtte.

Frå kontroll til dialog

Awad, som har to jenter på 11 og 18 og ein gut på 15, alle fødd i Noreg, er fornøgd med å vere den einaste mannen i flokken.

– Å få nye tankar om barneoppseding har vore svært nyttig. I min kultur er det ofte vanleg å kontrollere. No har eg fått auga opp for meir dialog og å vise barn meir respekt.

Sudanaren er utdanna ingeniør, men har ikkje fått noko arbeid i Noreg. 

– Det er vanskeleg ikkje å få moglegheita til å arbeide. For å bevare sjølvrespekten kler eg på meg kvar dag og går ut saman med ungane når dei skal på skulen. Eg vil vise dei at eg gjer noko.

Awad er skilt.

-Denne gruppa har òg hjelpt meg slik at eg får ein best mogleg dialog med mi ekskone om ungar og barneoppseding.

Eg vil vaske

Hewit frå Eritrea har vore i Noreg i tre år. Ho har tre døtrer på 10, 15 og 17.

– Eg har bak meg ei lang karriere frå militæret kor eg blant anna arbeidde i Ministry of Defence. Det har derfor vore svært vanskeleg for meg å ikkje få nokon jobb. Eg ønskjer eg kunne fått meg ein vaskejobb, slik at eg kunne tene mine eigne pengar. Det er godt å sjå at mine venner her i gruppa òg slit med dei same problema, sjølv om alle kjem frå andre kulturar enn meg.

Hewit fortel at ho kjem frå ein bakgrunn med svært streng barneoppseding. 

– Frå barna er født til dei er 18 år er det foreldra og resten av familiemedlemmane som kontrollerer barna sin oppseding. Når dei er 18, må dei i militæret. Det er eit hardt regime. 

Då gret eg høgt

Dei fire deltakarane kom til Noreg på ulikt grunnlag. Lienite har gjort seg nokre tankar om det.

– Å få kjennskap til mine venner i gruppa sin bakgrunn og at dei ikkje kan returnere til heimlandet sitt, ikkje ein gong på besøk, har gjort meg meir audmjuk ovanfor mine eigne problem. Eg syns mange av mine problem er bagatellar i forhold til kva dei andre slit med. Eg har lært mykje om verdiar i livet. Sjølv om vi er frå heilt ulike kulturar har vi ei felles utfordring med omsyn til integrering og vi finn støtte i kvarandre.

Awad som har budd lengst i Noreg, syns alle foreldre skulle få tilbod om å vere med i ei slik gruppe.

– Eg har hatt stor utbytte av å vere med i gruppa. Eg kan òg bidra litt med omsyn til idear og løysingar fordi eg har vore i Noreg i mange år. Eg syns det er fint at deltakarane er frå ulike kulturar og av ulikt kjønn. Då har vi noko å tilføre kvarandre.

Josephine har hatt stort utbytte av å lære meir om barneoppseding.

I min kultur er vi svært strenge. Når eg no prøver å irettesette sonen min og han ikkje lystrar, går eg no i dialog med han for å finne ut kva som er problemet. Om eg held fram med å vere streng, seier sonen min; «Om du ikkje sluttar no opnar eg vindauget og gret så høgt at alle høyrer det. Då kjem politiet og tek deg». Han veit kva som er lov og ikkje i Noreg, seier ho og ler.

Injeraen er nesten oppeten og vi får servert latvisk brød og honning. Ein drikk te og kaffi og stemninga er god. Alle ønskjer at gruppa skal fortsette og har til og med forslag til andre som òg kunne tenkje seg å delta. Gjestfriheita er stor i den vesle gruppa og dei inviterer til og med underteikna med.