Aktuelt
Nytt tolkeregister sikrar god kommunikasjon i krisetider
- 06/04/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Korona Psykisk helse
Kjelde: Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
25. mars lanserte Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) eit nytt og brukarvennleg tolkeregister.
Det nasjonale registeret inneheld ei oversikt over kring 1000 kvalifiserte tolkar som kan tolke nærare 70 språk. Her kan alle enkelt finne tolkar til bruk i møte med blant anna offentlege kontor, barnehage, skule, lege eller tannlege.
– Å få tilgang til viktig informasjon på sitt eige språk skapar tryggleik. Ikkje minst er dette viktig for å sikre rettsikkerhet og likebehandling. Bruk av kvalifisert tolk er eit sentralt verktøy for tilsette som skal kommunisere med personar som ikkje kan norsk, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby som åpnet det nasjonale tolkeregisteret 25. mars.
– Eg vil oppfordre alle offentleg tilsette til å vere bevisste på behovet for å bruke kvalifisert tolk, spesielt i desse dagar kor mange opplever usikkerhet når viktig informasjon kjem på eit språk dei kanskje ikkje beherskar like godt. Eg håpar registeret blir i flittig bruk, slik at vi sikrar informasjonstrygghet for alle, seier Melby.