Korleis er det å jobbe i sjukeheimar i koronatider?
Vi har snakka med leiarane ved to sjukeheimar i Bergen; Metodisthjemmet og Slettebakken menighets eldresenter.
Metodisthjemmet har hatt mange korona-dødsfall, medan Slettebakken menighets eldresenter ikkje har hatt viruset på institusjonen, men vore i høgste alarmberedskap heilt sidan mars.
Vi snakkar med dei om trugselsituasjonen, smittevern og beredskap. Vi snakkar om dei tilsette sine utfordringar, samt bebuarane sine reaksjonar.
Vi er også innom forholdet til andre institusjonar og kommunale etatar i denne tida, og om leiarara sin omsorg for personale, samt eigenomsorg.