Aktuelt
LEVE Hordaland ønskjer å gjere ein forskjell. Difor har dei starta eit opprop om nullvisjon for sjølvmord.
I oppropet kan ein lese at LEVE Hordaland har henvendt seg til Bergen bystyre om å vedta ein nullvisjon for sjølvmord. Dei meiner at det er på tide at sjølvmord kjem på den politiske agendaen og vert behandla som eit problem som dei folkevalde jobbar med ved hjelp av ei ambisiøs målsetjing, oppfulgt av konkrete handlingsplanar.
Sjølv om ein nullvisjon er ein utopi som vanskeleg kan realiserast, har LEVE Hordaland tru på at ein slik visjon kan bidra til at politikarar og relevante fagmiljø tek problemet meir på alvor og gjer kva dei kan for å få redusert talet sjølvmord. Talet sjølvmord har dei siste åra vore nesten tre gongar så høgt som talet dødsulykker i trafikken, kor ein nullvisjon ser ut til å ha hatt positiv effekt.
– Men effekten av ein nullvisjon vil avhenge av dei konkrete handlingsplanane det blir fulgt opp med, seier Kjell R. Soleim, styremedlem i LEVE Hordaland.
– LEVE Hordaland vil gjerne gå i dialog med politikarane og føreslå tiltak som stillingsressursar i arbeidet med å styrkje psykisk helse, implementering av helsefremjande tiltak i alle skular, VIVAT-kurs i sjølvmordsførebygging for alle lærarar i ungdoms- og vidaregåande skular, bruk av kunst og kultur i det sjølvmordsførebyggande arbeidet i regi av kommunen si kulturavdeling, for å nevne noko. – Vi forventar at eit vedtak om nullvisjon for sjølvmord i Bergen Bystyre vil ansvarleggjere byens politikarar slik at dei vel å prioritere sjølvmordsførebygging og bidra til å få bukt med tabu som lenge har gjort det vanskeleg å bringe temaet sjølvmord fram i offentleg debatt og å gjennomføre effektive tiltak mot eit så formidabelt samfunnsproblem, seier Kjell R. Soleim. – Medlemmar av LEVE vil også kunne bidra til dette arbeidet ved for eksempel å snakke til forsamlingar av skuleungdom om sine eigne erfaringar.
Annie Norevik ved RVTS Vest, seier at det er flott at LEVE Hordaland har teke initiativ til ein nullvisjon for sjølvmord. – Ein nullvisjon er kanskje utopisk, men ein ambisiøs visjon kan kanskje gjere det lettare å gjere noko for å redusere talet sjølvmord. Det blir spennande å følge med på kva ein eventuell nullvisjon kan føre til.
Les om oppropet på LEVE Hordaland si nettside