Nils Petter Hauge

Nils Petter Hauge

Nils Petter Hauge

Spesialkonsulent
Mobil: 99 09 81 12

Mitt hovudfokus er kompetanseheving av ressurspersonell som i sitt arbeid kan møte sjølvmordsetterlatne og andre grupper som opplever større livsutfordringar og livskriser. Desto meir kunnskap og handlingskompetanse ein har, desto større sjanse for at ein grip inn tidleg i ein situasjon som kan hindre at denne eskalerer i styrke og omfang. I tilllegg til kompetanse, er det og viktig å sjå korleis støttearbeidet (og dermed kompetansen) blir organisert, om roller og mandat er klargjort og om ein har tilstrekkeleg med ressursar til ikkje berre å gjere dei rette tinga, men å «gjere dei rette tinga rett».

Eg er også særskilt oppteken av at Norge følger opp veteranane og deira familiar iht dei nasjonale målsettingane som er etablert for å sikre desse anerkjenning, oppfølging og ivaretaking.

 

Frå 1997 jobba eg mange år ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging i Oslo innan temaet psykisk helse i arbeidslivet. Deretter var eg meir enn 15 år i Forsvaret (Forsvarsstaben og FPVS) som fagansvarleg innan fleire HMS-relaterte tema. 1.januar 2020 starta eg som HR-sjef i Stryn kommune, ei stilling eg hadde fram til eg starta i RVTS september 2023.

Som tilsett ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging starta også samarbeidet med dr. philos  Kari Dyregrov – eit samarbeid som på bakgrunn av hennar forsking og engasjement resulterte i danninga av LEVE. Underteikna har vore/er med i LEVE sentralt, og eg har vore med i LEVE Sogn og Fjordane sidan oppstarten i 2000. Eg har og vore medlem i kriseteamet i ei lengre periode, og har hatt mange oppfølgingssamtalar med etterlatne og primært unge som treng ein samtalepartnar ei kort periode i livet. Eg har undervist på høgskular, vidaregåande skular, for kriseteam ol innan sjølvmordsrelaterte tema.

 

Eg er utdanna sosiolog ved universitetet i Oslo. I tillegg har eg bedriftsøkonomutdanning frå Handelsakademiet. Gjennom åra har eg teke mange fordjupingskurs knytt til sjølvmord, mobbing (Faktaundersøker), arbeidsliv ol.