Aktuelt
Nettverk for å styrke førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge
- 29/09/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
RVTS Vest, Statsforvaltaren, KORUS, RKBU og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland inviterer alle kommunane i Vestland til å delta i eit nettverk for å styrke arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep.
Vi inviterer til uforpliktande informasjons- og innspelsmøter
- Onsdag 25. oktober kl. 09.30 – 11.30
- Fredag 27. oktober kl. 10.00 – 11.20
Vi har sett opp to møter for å auke sjansen for at alle som ynskjer å delta kan få moglegheit til det. Innhaldet i møtet vil være likt slik at de kan velje det tidspunktet som passar best for dykk.
Alle er velkomne for å få meir informasjon om nettverket
I møtet vil vi gje informasjon om kva organisering, tema og innhald vi ser føre oss i nettverket. Vi vil òg presentere dei som vil bidra inn i arbeidet, og seie litt om kven det kan vere lurt at representerer kommunane inn i eit slikt nettverk. Vi ønskjer også å nytte møtet til dialog, om kva behov de har og kva de ønskjer at vi skal rette særleg merksemda mot i nettverket. Vi har også invitert Kvinnherad og Ullensvang kommune til å dele kva erfaringar dei har gjort seg gjennom utviklingsarbeidet «Kompetanseløft om vald og overgrep». Dei to kommunane har over fleire år har satsa på å auke kvaliteten på det valds- og overgrepsførebyggande arbeid i sine kommunar. Dette faglege innlegget trur vi kan være til inspirasjon i det vidare arbeidet.
Det vil òg bli mogelegheit for å stille spørsmål, slik at kvar kommune kan vurdere om dette er noko de ønskjer å delta i.
RVTS, Statsforvaltaren, KORUS og RKBU vil saman tilby kommunane støtte i arbeidet
Implementering av nye arbeidsmåtar, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette viktige arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving og støtte er eit slikt grep.
Bakgrunn og føremål for nettverket
Den 8. september sendte vi ut informasjon og invitasjon til postmottaka i alle kommunane i Vestland.
Dersom de har spørsmål før møtet kan de ta kontakt med Bente Cecilie Foss eller Linda Renate Kvalvik som er kontaktperson hjå RVTS Vest.
Praktisk informasjon
For å delta på eit av møta, kan du melde deg på her:
- Første informasjons- og innspilsmøte på Teams: onsdag 25. oktober kl. 09.30 – 11.30
Meld deg på ved å klikke her. - Andre informasjons- og innspillsmøte på Teams: fredag 27. oktober fra kl. 10.00 – 11.30 Meld deg på ved å klikke her.
Stad:
Teams – lenke vert sendt ut til påmelde deltakarar dagen før møtet
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med RVST, KORUS og RKBU
Målgruppe:
Alle med interesse for vald- og overgrepsførebyggande arbeid i kommunane. Vi oppmodar særleg kommunaldirektør og kommunalsjefar med ansvaret for tenester retta mot barn, unge og foreldre til å delta på møtet. Valdskoordinator, SLT og BTI-koordinatorar kan òg ha særleg interesse av å delta på møtet.