Aktuelt
Motiverande intervju på mentoropplæringa
- 07/02/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
F.v: Spesialrådgjevar Unni Standman og psykologspesialist Nina E. Andresen frå Korus vest og spesialkonsulent Elisabeth Harnes og nestleiar Geir Olsen frå RVTS Vest.
Vi er godt i gang med vår femte runde mentoropplæring i forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Denne veka har vi opplæring i motiverande samtalar ved KORUS Vest, Bergen.
– Det kan vere vanskeleg å validere og finne styrker hos personar man har eit anstrengt forhold til; motstridande menneskesyn, anti-demokratiske politiske og/eller religiøse diskursar eller ideologiar som utløyser valdelege handlingar kan hindre dialog. Korleis jobbar vi med personar vi instinktivt ønskjer å distansere oss frå?
– På denne samlinga øver vi oss på kontaktetablering, empatisk og reflektiv lytting, endringssnakk, refleksjonar og dialog. Ved å framkalle eit humanistisk menneskesyn og ein indre motivasjon blir det enklare å utforske personen sine meiningar, verdiar og starte ein endringsprosess, seier Elisabeth Harnes som er ansvarleg for mentoropplæringa saman med Geir Olsen.
Vi har deltakarar frå Kvinnherad kommune, Molde kommune, Bergen kommune, Haugesund kommune og Bergen Moské
[wds id=”5″]