Aktuelt
Møte med utsette for seksuell vald og overgrep
- 20/01/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Birgit Lie, overlege/Avdelingssjef Sørland Sykehus HF, var ein av forelesarane på seminaret.
Nyleg arrangerte Bufdir og RVTS eit nasjonalt seminar om seksuell vald og overgrep.
Hovedfokus var på tenestene sine møte med utsette, med eit særleg blikk på seksualisert vald i krig og konflikt. Det var meir enn 100 engasjerte deltakarar frå heile landet; dei fleste tilsette på krisesenter, NOK sentra eller overgrepsmottak.
Seksualisert vald som våpen
– Det er mange døme på at seksuell vald er nytta som våpen i krig, i form av systematiserte overgrep og tortur både mot kvinner og menn, seier Venke A. Johansen frå RVTS Vest. – Det vert kategorisert som brot på menneskerettane og krigsbrot.
– Seksuelle overgrep i krig og konflikt har konsekvensar langt utover å ramme den enkelte. Seksualisert vald er ein systematisk måte å ramme og svekke både heile familien og samfunnet, seier ho.
Hjelparane treng kunnskap
– Det er heller ikkje uvanleg at personar som er på flukt erfarer overgrep av dette slaget. Identifisering, kartlegging og dokumentasjon av overlevarar og kva dei treng av hjelp er eit viktig arbeid, seier Venke.
– Samstundes er det av stor betydning at hjelparen har kunnskap om kva som finnast av instansar og ressursar for å ivareta og følgje opp overlevarar etter seksualisert vald i krig og konflikt.
Mental Health and Human Rights Info (HHRI), er ein ressursdatabase om kva konsekvensar alvorlege menneskerettsbrot kan ha for mental helse. RVTS har samla materiale som er henta frå HHRI på nettsida Seksualisert vold benyttes som våpen i krigen i Ukraina – Hvordan kan vi hjelpe overlevere som har kommet til Norge? I tillegg er det etablert ei nasjonal arbeidsgruppe som skal bidra til auka fokus på seksuell vald i krig og konflikt.
Er du interessert i å vite meir om dette temaet, og korleis RVTS Vest kan hjelpe di teneste – ta kontakt med Venke A. Johansen.