Aktuelt
Mellommenneskeleg leiarskap under pandemi
- 15/12/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Korona Kriser Podcast Podkast Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging
![Mellommenneskeleg leiarskap under pandemi](https://rvtsvest.no/wp-content/uploads/2020/12/VenkePod-840x430.jpg)
Koronapandemien gir store utfordringar for det psykososiale leiarskapet.
Koronapandemien er ein særegen krise. Det var ein uklar start og det er usikkerheit når det gjeld varigheit. Denne pod-episoden handlar om korleis halde motet oppe i ei personalgruppe, sett frå ein leiar sitt perspektiv.
Linn Dale Bergsma er einingsleiar på ein korttidspost ved Haukeland sjukehus. I samtale med Venke A. Johansen frå RVTS Vest, deler ho sine erfaringar frå den første tida med pandemi, og fram til i dag.
Ho peikar blant anna på kor viktig det er å prioritere den psykososiale ivaretakinga av medarbeidarane. At det må være forståelse og ivaretaking i denne krevande og langvarige perioden kor det skjer mange endringar, ikkje berre for medarbeidarar men også for leiarar.
Ho har også ei rekkje råd og tips til andre leiarar.
Relatert:
psykososialberedskap.no – nettressurs om psykososial beredskap ved kriser og katastrofar
Podkast: Sjukeheimar i koronatider