Aktuelt
Onsdag 22. november arrangerer vi ein regional konferanse for kunnskapsdeling, samarbeid og engasjement for det regionale psykisk helse- og rusarbeidet – med fokus på brukarmedverknad og traume.
I 2022 etablerte Statsforvaltaren i Rogaland eit nettverk beståande av brukar- og pårørandeorganisasjonar og kompetansesenter på psykisk helse- og rusfeltet. Hensikta er at ein i fellesskap skal fremje tiltak som kan bidra til auka brukar- og pårørandeaktivitet innanfor området psykisk helse og rus i Rogaland.
På oppdrag frå nettverket blir konferansen arrangert for første gong i haust.
Dato:
22. november 2023, 09:00 – 15:00
Stad:
Folkets Hus, Stavanger
Målgruppe:
Brukar- og pårørandeorganisasjonar og tilsette i kommunar, NAV, spesialisthelsetenesta og regionale kompetansesenter.
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland, Barn av rusmisbrukere (BAR), RVTS Vest, Landsforeningen mot seksuelle overgrep, KORUS Stavanger, proLAR Nett, RKBU Vest, Pårørendesenteret, Ivareta, NAPHA, RIO, Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse, A-larm og Mental Helse.