Aktuelt
Denne våren har kommunane i Vestland jobba engasjert og målretta med førebyggande planar på barn- og ungefeltet.
Statsforvaltaren i Vestland, Korus Bergen, RKBU vest, Napha, KS, Vestland Fylkeskommune og RVTS Vest invitert kommunane til å delta i ein planprosess med fire samlingar for å støtte kommunane i det viktige planarbeidet.
– Vi veit at implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid, seier Bente Cecilie Foss hjå Statsforvaltaren i Vestland. – Saman ville vi tilby kommunane støtte i dette arbeidet, og eg opplever at vi gjennom planprosessen har klart dette på ein god måte!
Planlegging og innspel
Arbeidet starta med planlegging, og informasjons- og innspelsmøte med kommunane hausten 2022. Første samling var i Bergen over to dagar i januar 2023, 35 av dei 43 kommunane i Vestland var representert. Tema for samlinga var rammer, kartlegging og analyse som grunnlag for kommunalt planarbeid. Andre samling var tema forankring, involvering og medverknad, og på tredje samling hadde vi merksemd på kva vi veit om førebyggande tiltak og strukturar for samarbeid. Samling to og tre var digitale og opne for alle interesserte i kommunane, på desse samlingane deltok over 200 personar frå 39 Vestlandskommunar.
Frå plan til handling
Den siste samlinga vart gjennomført i Førde i månadsskiftet mai/juni. Då var det tid for å sjå nærare på korleis ein skal setje planar ut i handling. Med spørsmål som; Korleis skal vi gå frå gode mål og planar til god samhandling, betre førebyggjande arbeid, tiltak og tenester? Kva har vi og kva treng vi av ressursar, tid og kompetanse for å skape varige endringar i praksis? Korleis gå fram for å lage ein realistisk og konkret handlingsdel? – Det var heller ikkje denne gongen vanskeleg å skape engasjement blant dei 133 deltakarane, fortel områdeleiar for barn og unge ved RVTS Vest Linda R. Kvalvik.
Kommunane fekk etter eige ønske forslag til kva dei kunne arbeide med mellom samlingane.
Synleggjering av ressursar
På samlingane har det vore faglege innlegg og fokus på å løfte fram regionale og nasjonale ressursar om implementering, planarbeid og tiltak, erfaringsdeling frå kommunane og ikkje minst; tid til arbeid i grupper, både internt i kommunen og på tvers av kommunegrenser. Presentasjonar som vart nytta under samlingane, refleksjonsoppgåver og forslag til mellomarbeid og nyttige ressursar knytt til tema for dei ulike samlingane er samla i ein digital plattform. Kommunane, som er på ulike stader i planarbeidet no, kan bruke plattformen i det vidare arbeidet, hente fram att det vi har jobba med og koble nye nøkkelpersonar på arbeidet.
Fått oversikt over fagmiljø, tenester og gode verktøy som kan bidra positivt til planen, og arbeidet med planen.
Deltakar, juni 2023
Nettverksbygging og erfaringsdeling
Diskusjonar, «nettverking», erfaringsdeling og refleksjonar pågjekk gjennom heile samlinga, anten ein var i gruppearbeid eller til lunsj. – Ja, til og med på ferga mellom Lavik og Oppedal gjekk diskusjonane friskt, fortel Linda Kvalvik. – Vi gjorde eit raskt overslag og kom fram til at det sannsynlegvis aldri før hadde vore så mange vestlandskommunar representerte på ferga samstundes!
– Vi i arbeidsgruppa er imponerte over engasjementet og innsatsen kommunane viser i dette viktige arbeidet. På desse fire samlingane har kommunar har seksten ulike kommunar bidratt med innlegg og erfaringsdeling, og nokon har til og med inngått samarbeid etter å snakka saman på samlingane, seier Linda.
Det at me som kommune har delteke i planprosessen har gitt både retning og tryggleik i det lokale arbeidet. Me har og knytta band til andre kommunar for deling på tvers.
Deltakar, juni 2023
Else Kristin Utne Berg (Korus Bergen) er opptatt av meirverdien av innsatsen: – Det har vore både lærerikt og nyttig for Statsforvaltar, fylkeskommune, KS, kompetansemiljøa og kommunane å vere samla i denne prosessen. Vi har lært av, og ikkje minst med, kvarandre. Ho får støtte av Sigrún G. Henriksen (RKBU Vest) som understreker verdien av samla innsats frå kompetansemiljøa. Ein av deltakarane lanserte omgrepet «Bokstavkameratane» om oss på siste samlinga. Det var sagt med humor og varme og vi har fått tilbakemeldingar om at kommunane har vorte betre kjente med oss og korleis vi kan vere til nytte for kommunar og tenester.
Å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge er ein av dei viktigaste investeringane vi som samfunn gjer. Det krev gode planar, strukturar og tiltak som sikrar tidleg oppdaging av, og hjelp til, utsette barn, unge og familiane deira. Vi ynskjer kommunane lykke til vidare med viktig arbeid. Statsforvaltar, KS, fylkeskommune og vi i kompetansemiljøa kjem til å jobbe vidare med felles innsatsar og samskaping!
Vi har jobba oss saman og har ei betre forståing av kvarandre sine perspektiv og innsteg til planen. Betre rusta for vidare planarbeid
Deltakar, juni 2023