Linda R. Kvalvik

Linda R. Kvalvik

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge
Mobil: 98 68 83 94
E-post

Eg er opptatt av at barn, unge og familiane deira skal få hjelp som nyttar. Kommunar og tenester må jobbe systematisk med samarbeid, tiltaksutvikling, evaluering og kompetanseutvikling. Gjennom samarbeid med tenester, brukarorganisasjonar, Statsforvaltar og andre kompetansemiljø jobbar vi for at våre tilbud er relevante og nyttige for tenestene. Eg trur at “Trygge fagfolk, kloke handlingar” bidreg til gode tenester for dei som treng det. 

Brenn for: Kompetanse og fagleg trygghet for hjelparane, tidlig intervensjon og felles innsats på tvers av tenester! 

Eg har jobba over 20 år i barnevernteneste/Barnevernvakt. Eg har vore tilsett ved RVTS Vest sidan 2014, dei siste åra som Områdeleiar for barn og unge. 

Eg er utdanna barnevernpedagog. Med vidareutdanning i Barnevern, i Barnevernets arbeid etter avdekking av vald og seksuelle overgrep, Samtaler med barn og Barnevern i eit minoritetsperspektiv. Eg har og Master i interkulturelt arbeid.