Aktuelt
Deltakarar frå Bergen og Stavanger kommune på første samling av kompetanseprogrammet.
Vi er i gang med eit kompetanseprogram som har som mål å gjere kvardagen mindre utfordrande for råka av terroren 22. juli 2011.
RVTS Vest er initiativtakar til kompetanseprogrammet, som varer over 5 dagar, og skal gi motivasjon og kompetanse til å vere fasilitator/gruppeleiar for ei likepersonsgruppe.
Mange slit framleis med plager
Programmet er utvikla fordi mange av dei som vart ramma har slitt med betydelige plager i ettertid. Kartlegging gjennomført av Støttegruppen og forskningsfunn frå NKVTS sin longitudinelle studie har avdekka at det dreier seg om fleire område, blant anna behov for psykisk og somatisk helsehjelp, problem med å gjennomføre utdanning, manglande fungering i arbeidsliv og kvardag, ulike sosiale problem og behov for juridisk bistand.
Likepersonsgrupper
Både støttegruppa og dei regionale 22-juli-losane erfarer i tillegg at det er eit ønske blant fleire av dei råka at det vert etablert lokale likepersonsgrupper med fasilitator. På dei nasjonale og regionale samlingane som er gjennomført både for overlevande og etterlatne, fekk likepersonsgrupper med fasislitator, gjennomgåande den beste tilbakemeldinga frå deltakarane. Fagleg sett kan dette vere uttrykk for at deltakarane kjenner på eit fellesskap, og at gjensidig støtte gir eit berikande samhøyre.
Vil du eller di teneste vite meir om kompetanseprogram om likemannspersonar med fasilitator?
Kontakt Venke A. Johansen, venke.a.johansen@helse-bergen.no.