Aktuelt
Likepersongrupper med etterlatne og overlevarar etter 22. juli
- 02/02/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Deltakarar på kompetanseprogram om å fasilitere likepersongrupper.
Vi avslutta nyleg eit kompetanseprogram kor målet har vore å gjere kvardagen mindre utfordrande for råka av terroren 22. juli 2011.
Den nasjonale støttegruppa og fleire av dei råka etter 22. juli har ytra ønske om lokale likepersongrupper med fasilitator. RVTS Vest har difor utvikla eit kompetanseprogram over 6 dagar som skal gi motivasjon og kompetanse til å vere fasilitator/gruppeleiar for ei likepersongruppe.
Mange slit framleis med plager
Mange av dei som vart råka har slitt med plager i ettertid. Kartlegging gjennomført av støttegruppa og funn frå NKVTS sin longitudinelle studie har avdekka at det dreier seg om fleire område. Målet med gruppene er at deltakarane skal få moglegheit til å samtale og reflektere om tema dei ynskjer å komme inn på. Dette kan vere meistring og utfordringar, til dømes innanfor område som nære relasjonar (partnar, barn, foreldre), søvn, konsentrasjon, hukommelse, arbeidssituasjon og handtering av triggarar. Deltaking i ei slik gruppe kan gi gjensidig psykososial ivaretaking og sjølvhjelp, slik at ein handterer eventuelle utfordringar i kvardagen betre.
Tre grupper i Vestland
Kompetanseprogrammet har resultert i at det no finnast tre grupper i Vestland og Rogaland. To i Bergen og ei i Rogaland.
Vi snakka med to fasilitatorar som driv ei av gruppene i Bergen, Sissel Skjelsvik, psykiatrisk sjukepleiar i Bergen kommune og Anita E. Melvær, spesialvernepleier i Helse Bergen.
Korleis vart det til at de no driv ei gruppe?
– Utgangspunktet var at vår leiar fekk ei henvending frå RVTS Vest, som ville rekruttere folk som kunne fasilitere grupper for overlevande etter 22. juli-terroren.
– Vi har tidlegare drive grupper saman og vore med i kriseteam. Så vi melde oss som interesserte då vi har erfaring og litt sjølvtillit på det frå før. I Bergen er det to grupper, ei for overlevande og ei for etterlatne. Vi driv gruppe for overlevande.
– Det er 22. juli-lósane som rekrutterer til gruppene. Vi er ei lita gruppe, så vi ynskjer oss fleire deltakarar. Vi opplever at gruppa har vore bra.
Korleis jobbar de?
– Vi møtast ein gong i månaden, og er opptatt av at ting blir litt til undervegs. Det skal vere ein prosess, men vi har samstundes struktur på gruppene. Vi gjer noko av det same kvar gong. Dei tema vi snakkar om, har kome frå gruppa. Vi er opptatt av å vere der gruppa ynskjer å vere. Det er hovudfokus på «her og no». Korleis leve best mogleg med dei utfordringane den enkelte av dei har. Vi har mindre fokus på sjølve den traumatiske hendinga som var 22. juli.
Kva utfordringar er det dei har?
– Tema som søvn har vi snakka mykje om. Kjensler og relasjonar. Sist vi hadde gruppe snakka vi om kroppen – det å slite med fysiske spenningar og smerte, samt forhold til mat og triggarar. Opplevingane har framleis innverknad på store delar av liva deira. Skyld og skam er også noko dei slit med. Til dømes å ha dårleg samvit for å ha overlevd. Skam for å ikkje ha kome seg vidare og ikkje fått til ting slik ein hadde tenkt.
De har fått opplæring hos RVTS Vest, korleis har det vore?
– Vi er godt nøgd med opplæringa. Det har vore eit bra opplegg og vi har lært mykje. Det har passa godt saman med dei tema som gruppa ynskjer å snakke om. I tillegg til fagsamlingane, har vi også vore på besøk på Utøya.
– Vi kan ta kontakt med RVTS Vest dersom det er noko vi lurer på, noko som er veldig bra. Vi kan og melde inn tema vi ynskjer å snakke om når vi samlast. I dag har vi snakka om eit tema som vi meldte inn, dette med skyld og skam. Så vi får meir kunnskap om tema som vi sit med i gruppene, det er veldig fint. I dag fekk vi innsikt i rykande fersk forsking som var gjort på dette med skyld og skam.
– Vi deler også korleis det går med gruppene, og vi deler erfaringar.
Korleis er det å ha ei slik gruppe?
– I starten så grua vi oss litt, men no gleder vi oss til kvar gong. Det er så fine folk i gruppa. No er det heilt nydeleg. Vi opplever at det gir meining for dei som er med. Vi føler oss fram og sjekkar ut undervegs om dei framleis vil vere i gruppa – og det vil dei. Det er dei tydelege på. Men vi ynskjer oss som sagt endå fleire!
Ynskjer du å bli med i likepersongruppe, anten som overlevar eller ettelatt?
Kontakt 22. juli-losane:
Venke A. Johansen, venke.a.johansen@helse-bergen.no.
Linda T. Thomassen, linda.thomassen@helse-bergen.no
Ressursar:
Terrorangrepet. Opplevelser og reaksjoner hos de som overlevde på Utøya (NKVTS)
Langvarig skam og skyld etter Utøya: Resultater fra ny studie (NKVTS)