Vi søker tilsette til to spennande stillingar ved senteret.
Til den eine stillinga søker vi ein erfaren fagperson med kjennskap til kommunalt arbeid med utsette barn, unge og familiar. Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med tverretatlege kompetanseprogram i kommunane. Dei tilsette ved senteret må kunne leie og bidra med undervising og rettleiing i slike program.
Til den andre stillinga søker vi ein fagperson med erfaring frå arbeid med rus og vald. Det inngår i stillinga å leie arbeidet i region vest med utvikling av kunnskapsmodul for basiskartlegging i det nasjonale prosjektet for samtidig behandling av rus og vald. Jobben skal utførast i tett samarbeid med KoRus Bergen og Korus Stavanger, og i dialog med sentral prosjekteigar i Midt-Noreg.