Aktuelt
Kven ville eg no vere?
- 06/10/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Sosial kontroll
Foto: Brannon Naito / Unsplash
Eit seminar om negativ sosial kontroll i lukka trus- og livssynsmiljø.
Fridomen var først guddommeleg, men og utan retning, utan tryggleiken i fellesskapen. Alle referansar var nulla ut, reglane gjaldt ikkje lenger. Kva skulle eg no meine, kven ville eg no vere?
Elisabeth Kleppe til Bergens Tidende
I samband med nettverkssamling for Vestlandsnettverket om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, inviterer RVTS Vest i samarbeid med Vestland fylkeskommune til ope halvdagsseminar om negativ sosial kontroll i lukka trus- og livssynsmiljø.
På dette halvdagsseminaret får de møte Elisabeth Kleppe, som vil samtale om sine personlege erfaringar kring identitetsforhandlingar og negativ sosial kontroll i kristne menigheter- samt bruddprosessen og rekonstruksjonen av eit nytt liv i «majoritetssamfunnet».
De møter også Kari Halstensen frå Modum Bad, som skal innlede med forelesninga «Tro, identitet og psykisk helse».
Målgruppe for seminaret: Deltakarar frå region vest innanfor tenester som barnevern, skule, barnehage, krisesentre, familievern, trus- og livssynsmiljøer, bufetat, politi, NAV, flyktningeteneste/introduksjonsprogram, spesialisthelsetenesta.
Sosial kontroll og negativ sosial kontroll
Mennesket er eit flokkdyr og det å leve saman er umulig utan ulike formar for sosial kontroll. Negativ sosial kontroll er noko anna. Dette begrepet betegner situasjonar kor den sosiale kontrollen blir skadeleg og bryter med den enkelte sine rettigheitar. Negativ sosial kontroll kan skje i alle typar fellesskap, for eksempel familien, eller i større fellesskap, eksempelvis i ein menighet.
Alle miljø må i varierande grad forholde seg til grenseoppgangen mellom konstruktiv- og negativ sosial kontroll, men når kontrollen er prega av maktmisbruk, manipulasjon, indoktrinering, mangel på eigen sjølvråderett, samt sterk motstand mot omverda, er kontrollen skadeleg og kan føre til psykisk uhelse. For å forstå utfordringane og få til varige endringar av praksis, bør stemmene til dei som er ramma løftast fram – og for å få fram varige løysningar må også foreldre- og menighetsperspektivet belysast.
Tid: 22.oktober, 2020, 12.00-15.00. Seminaret er gratis og vert streama.
Har du spørsmål om seminaret og påmelding, kontakt Elisabeth Harnes.