Aktuelt
Kultursensitiv sjølvmordsforebygging
- 08/06/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Integrering Kultursensitiv Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging
Illustrasjonsfoto av ilaya raja, Unsplash
RVTS Vest tilbyr kurset Kultursensitiv sjølvmordsforebygging. Kurset er eigna for alle som jobbar med barn, unge eller vaksne flyktningar, asylsøkjarar eller innvandrarar.
Mange fagfolk som jobbar med utsette og sårbare grupper frå andre kulturar opplever å komme til kort når sjølvmord er tema. Dei opplever at menneske dei bekymrar seg for ikkje vil snakke om sjølvmord, då dette er stigmatisert i kulturane dei kjem frå. Fagfolka er difor usikre på korleis dei skal kunne snakke med menneske dei er bekymra for når det gjeld tankar om sjølvmord. Korleis komme forbi stigma og skam kring sjølvmord og korleis kommunisere dette på ein måte som gjer at forsvaret hos den utsette vert lågare, og dei vert mottakelig for hjelp? Dette synleggjer eit behov for undervisning om risikokartlegging og eigna kultursensitiv samtalemetodikk, samt kultur- og religionsforståing i ein sjølvmordskontekst.
Mål for kurset:
- Trygge personalet som jobbar med (mottak, skole, helse etc.) einslege mindreårige og vaksne flyktningar/asylsøkjarar som står i fare for å ta sitt liv.
- Auke kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse om kva rolle religion og kultur spelar for sjølvmordsforebygging, samt praktisk kunnskap om kva som opnar og lukker i ein samtale og korleis gjennomføre denne
Les meir og meld deg på