Aktuelt
Krysskulturell identitet
- 09/05/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Integrering Kultursensitiv Psykisk helse
Nyleg hadde vi ein heil dag via til temaet “identitet og tilhøyre hos krysskulturelle barn og unge”.
Vi arrangerte to arrangement i samarbeid med Voksne for barn, som lanserte rettleiaren «Hvordan finne tilhørighet uten å miste deg selv?». Rettleiaren er utgjeve på ulike språk, og både Elisabeth Harnes, RVTS Vest og Kjell Østby, FLEXId har vore bidragsytarar.
Fokus for dagen var ressursar og dilemma i ein krysskulturell oppvekst. Førelesarane delte erfaringar og nyttig teori frå arbeid med foreldrestøtte og forebygging av utenforskap blant fleirkulturell barn og ungdom. Det vart også delt viktige perspektiv og presentasjonar av konkrete verktøy for å betre hjelpe barn til å oppleve tilhøyre, sjå eigne ressursar og styrke identiteten.
Fagseminaret var retta mot tilsette i tenester som møter målgruppa og både skule, barnevern, helse og flyktningetenesta var godt representert. På kvelden inviterte vi foreldre til krysskulturelle barn og andre interesserte til seminar på Bergen Rådhus om «Ressursar og dilemma i ein krysskulturell oppvekst», men særleg fokus på foreldrerolla. Deltakarar og tilsette frå Bergen Moské, Landås Moské, Bergen Katedralskole, Årstad VGS, ICDP-grupper, tolketenesta og andre interesserte foreldre deltok på samlinga.
Å vekse opp med fleire kulturar kan innebere opplevingar av utanforskap. Både barn, unge og vaksne kan streve med spørsmål kring identitet og tilhøyre. Alle har behov for å vere ein del av eit felleskap, og tilhøyre er viktig for barn si psykiske helse og ein viktig beskyttelsesfaktor.
Det å vekse opp med fleire kulturar kan og gje mange moglegheiter og gode ressursar. Foreldre er nøkkelpersonar for å hjelpe barna sine å lære om eiga bakgrunn, samtidig som dei bidreg til at barna opplever tilhøyre og felleskap i kvardagen, med venner, skule og fritid.
[wds id=”2″]
Et innlegg delt av Voksne for Barn (@voksneforbarn)
Et innlegg delt av Voksne for Barn (@voksneforbarn)