Kriseteamskulen arrangerer påfyllsdag om kriser og sosiale media.
Når det skjer ei krise, anten det er ein naturkatastrofe eller at det har skjedd eit sjølvmord, opplever ein ofte at rykter og informasjon raskt vert delt i sosiale media. Kva kan vi gjere for å begrense dei negative effektane? Korleis kan sosiale media vere nyttig som informasjons- og kommunikasjonskanalar? Kva kan vi gjere for å beskytte sårbare personar?
Tema for påfyllsdagendagen er korleis bruken av sosiale media påverkar kriseteamet sitt arbeid.
Erfaringar frå inn- og utland vil gi oss nokre svar på korleis kriseteama kan bistå ramma og råka, lokale aktørar og massemedia slik at nytteverdien vert størst og skadeverknadene minst.
Detaljert program og informasjon om lokale kjem over nyttår, men du kan allereie no melde deg på.