Målgruppa er tilsette på alle i nivå kommunale helse- og omsorgstenester, men det vil òg vere høve for interesserte frå spesialisthelsetenesta å melde seg på. Fagdagen tar sikte på å gje informasjon om korleis ein kan møte ein person som er sjølvmordsnær på ulike nivå: både direkte i møte med den det gjeld, samt på eit meir overordna nivå gjennom til dømes planarbeid.
Fagdagen vert arrangert i Rogaland og Hordaland. Velkommen! I tillegg arrangerer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangementet “Forum for rus og psykisk helse”. Her skal RVTS Vest vere med for å presentere det veiledande materialet.