Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) er ein samarbeidspartnar for tenestene i region vest innanfor:
Sjølvmordsførebygging og sjølvskading
Flyktninghelse og tvungen migrasjon
Vald og seksuelle overgrep
Kriser og psykososial beredskap
Vårt nedslagsfelt er Rogaland og Vestland, og vi arbeider på tvers av etatar og sektorar. Helsedirektoratet er vår oppdragsgjevar, og vi er organisert som ei eining i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus.
Når du melder deg på e-postlista for å motta RVTS Vest sitt nyhetsbrev, samlar vi kun inn e-postadressa di, og vil kun nytte denne til å sende ut nyhetsbrev. E-postadressa di blir ikkje gitt vidare til nokon tredjepart (anna enn leverandøren som gjer nyheitsbrevtenesta mogeleg), og du kan når som helst melde deg av denne lista. Sjå elles vår personvernerklæring.
Kommunane har eit ansvar for psykososial beredskap og oppfølging. Kriseteam skal aktiverast og bistå ordinære tenester ved behov. RVTS har eit særleg ansvar for å hjelpe kommunane med rettleiing og kompetanse i psykososial oppfølging og beredskap. Vi kan derfor bidra med eventuell rettleiing om korleis ivareta psykososiale behov i samand med evakuering frå Gaza til Noreg.
Psykososial beredskap – konkret informasjon og rettleiing om kriser og katastrofar, for kommunar, kriseteam, hjelpepersonell og frivillige (frå Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS)
Flyktning.net – Ressursportalen om asylsøkere og flyktninger