Aktuelt
Kompetanseprogram for kriseleiarar startar opp vår 2023
- 25/10/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arkiv
RVTS Vest tilbyr eit kompetanseprogram om psykososial kriseleiing, kor det primære fokuset er på det mellommenneskelege perspektivet.
Relasjonar, kommunikasjon og samspel kan by på utfordringar for dei fleste av oss i arbeidskvardagen. Dette kan vere ekstra utfordrande, og samtidig avgjerande når vi må handtere kritiske hendingar.
Kriseleiing inneber to sentrale utfordringar; 1) konsekvensane av sjølve hendinga(ne) i samspel med avgjerdene som vert fatta, og 2) møtet med sterke emosjonar.
Kriseleiing – viktig kunnskap
Å ta avgjerder under ei pågåande krise har ofte større konsekvensar enn i normalsituasjonar. Samtidig vekker alvorlege hendingar sterke kjensler hos både dei ramma og hjelparane.
Gjørv-kommisjonen påpeikte i sin rapport etter 22. juli 2011, at den største læringa når det gjeld krisehandtering, var knytt til leiing, samhandling, kultur og haldningar (22-juli kommisjonen, 2012). Kriseleiing blir her sett på som noko meir avgjerande enn mangel på ressursar, behov for ny lovgjevnad, organisering eller store verdival.
Leiarskap under ei krise stiller store krav til deg som leiar. Både når det gjeld handtering av ein uoversiktleg situasjon, samt i møte med eit stort spekter av emosjonar; sorg, sinne, redsel og avmakt. I tillegg vert det forventa at du handterer eit relativt pågåande nyheitsmedia. Kva med dine eigne følelsar og reaksjonar i ein slik samanheng, korleis handterer du det?
Det er viktig å vere klar over at dei val ein gjer som leiar under ei krise, ofte er viktigare enn formell rolle og posisjon. Nesse (2017) peikar på at ho som forskar og rådgjevar har møtt fleire dyktige kriseleiarar:
«Fellesnevneren for disse er at de har en robust personlighet, og en trygg lederstil som gjerne er karismatisk, men fremfor alt er de oppgaveorientert, med verdier som kommuniserer ekthet (autensitet) og trygghet. Felles for de nevnte lederne er imidlertid at samtlige har gjennomgått mye ledertrening og utvikling, under både simulerte og reelle kriser. Organisasjoner og ledere som satser på å bygge slik kompetanse, kan gjøre en vesentlig forskjell – når det virkelig gjelder.»
Relasjonar og tryggleik
Stresstoleranse og evne til meistring av kaotiske situasjonar, er ein viktig føresetnad for god handtering av leiing generelt. Imidlertid krev dette at ein har så kalla «funksjonell sjølvinnsikt». Kompetanseprogrammet vil derfor også ha fokus på sterke og mindre sterke sider hos deg som leiar på en trygg og konstruktiv måte. Å trene på demping av eigne stressreaksjonar og å styrke robusthet bidreg til godt leiarskap, også når det gjeld ivaretaking av medarbeidarane.
Ein dyktig leiar er oppteken av å etablere tillit, gode relasjonar og tryggleik for sine medarbeidarar, både før og etter krisa, slik at premissane for å lykkast med det mellommenneskelege leiarskapet under krisa aukar.
Det er altså mange faktorar som er viktig for ein kriseleiar. Affektbevisstheit, prosess- og sitasjonsbevisstheit er grunnleggande tema, i tillegg til samarbeid der kommunikasjon og teamfungering er viktige element.
Andre tema er «Korleis utvikle eit godt team?» Å bruke teamet til å bli kjent med seg sjølv og med kvarandre, der det å ha fokus på jobbtrivsel og auka tryggleik bidrar til betre motstandskraft og auka fellesskap.
Kompetanseprogrammet vil vidare ha fokus på hjelperan sine reaksjonar, ivaretaking og meistring. Derfor vert kommunikasjon og teamutvikling vektlagt.
Hovudmålet er at deltakarane i programmet skal utvikle sin mellommenneskelege kompetanse som kriseleiar og slik få eit godt grunnlag for å lykkast når det skjer ei krise.
Programansvarlege er Venke A. Johansen, Geir Olsen og Tone Bergan.
Andre Forelesere:
- Ole Asbjørn Fauske President for Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO), – landets største veteranorganisasjon.
- Atle Dyregrov er professor emeritus ved Senter for krisepsykologi
- Synnøve Nesse forsker på SNF og er konsulent hos AFF ved NHH.
- Hans Kenneth Sundsbø arbeider som nå som Sjefsprest og leder Forsvarets tros- og livssynskorps i Sjøforsvaret
- Roar Nese leder Beredskapsrådet for kunnskapssektoren i regi av Kunnskapsdepartementet
Ved eventuelle spørsmål ta kontakt med Venke A. Johansen.