KOMPETANSEHEVING FOR SVANGERSKAPSOMSORGEN
Dette kurset er for: jordmødre og fastleger
Om kurset
I nasjonal retningslinje for svangerskapsomsorgen (IS-2181) oppmodar Helsedirektoratet at helsepersonell, som ledd i svangerskapsomsorgen, skal spørje gravide om vald.
Vi veit at gravides og foreldres erfaringar i livet, i tillegg til nåværande livssituasjon, verker inn på både svangerskap, fødsel, barseltid og foreldreskap. Det er derfor viktig at svangerskapsomsorgen legger til rette for at ventande foreldre kan dele erfaringer om vald, seksuelle overgrep og andre traumar. Slik opnas mulegheitane for støtte og tiltak som kan bidra til ein trygg omsorgssituasjon og god utvikling for barnet.
Mål
- Kompetanse om vald og traume
- Kunnskap om ny retningslinje
- Kjennskap til samarbeidspartnarar og instansar i kommunen
- Kjennskap til eiga rutine for handtering av valdssaker
- Kompetanse om risiko- og sikkerheitsvurdering
Kursplan
Programmet består av 5 heile undervisningsdagar, samt rettleiing i grupper mellom samlingane. Rettleiinga foregår enhetsvis, og er eit viktig supplement for å overføre teoretisk kunnskap til praktisk klinisk arbeid. Undervisningsdagane veksler mellom undervisning, øvingar og summing i grupper.
Dag 1: Fagdag om vald og traume (Teikn/symptom, funksjon, konsekvensar)
Dag 2: Samtale, intervju/spørsmål. Praktisk øving
Dag 3: Utfordringar i møte med minoritetsfamiliar
Dag 4: Presentasjon av samarbeidspartnarar.
Rutine for samarbeid, rettleiing, kasusarbeid og øving kan tilpasses etter avtale (Eks: halve dagar)
Kontakt
Linda Kvalvik
Spesialkonsulent
Telefon: +47 98 68 83 94
E-mail: linda.renate.kvalvik@helse-bergen.no