Julie F. Andreassen

Julie F. Andreassen

Julie F. Andreassen

Spesialkonsulent / Barn og unge
Mobil: 94 20 55 60
E-post

Eg har erfart at mykje viktig forebygging skjer i primærtenestene som alle barn og unge møter. Eg er derfor opptatt av at tilsette i oppvekstfeltet skal ha god grunnleggande forståelse av traume og livsbelastningar, slik at dei evnar å møte sårbare barn og unge på ein helsefremjande måte. Dersom vaksne har kunnskap og kompetanse om korleis møte barn og unge som treng noko ekstra, så kan dei ha enorm påvirkningskraft.

Mine arbeidsoppgåver er: Undervisning, konsultasjon og tenesteutvikling innan traumer, sjølvmordsforebygging, agressiv skadeleg atferd, og RVTS nettressursar «Trygg til handling» og «Snakke med barn».

 

Eg har brei praksiserfaring frå oppvekstfeltet. Eg har lang erfaring frå avlastningstenester til barn og ungdom med autisme og/eller psykisk utviklingshemning. Vidare har eg jobba mange år som pedagogisk leiar i barnehage, kor eg også har vore spesialpedagog. Dei siste åra har eg hatt lektorstilling i videregåande skule, kor eg primært har jobba med klasser i helse og oppvekst og som spesialpedagog.

Denne erfaringsgrunnen har ført til mye kontakt med barn, unge og deira familiar, både dei med normalutvikling men også særleg sårbare barn.

Pedagogutdanning, master i spesialpedagogikk, vidareutdanning i krise og katastrofepsykologi, samt praktisk pedagogisk utdanning.