Inger Sigfridsson

Inger Sigfridsson

Inger Sigfridsson

Prosjektleder
Mobil: 41 86 98 91
E-post

Eg har særleg fokus på vald- og valdsproblematikk og i å rettleie og utvikle gode modellar og kompetanseprogram som gjer kommunane og andre tenester betre rusta til å ta hand om sine risikoutsette vaksne. Alle menneske kan i løpet av livet havne i ein situasjon, som gjer ein avhengig av hjelp frå andre til å meistre kvardagslivet. I ein slik situasjon er det auka risiko for å bli utsett for fysisk, psykisk, økonomisk, kjønnsbasert eller æresrelatert vald.

Eg er også oppteken av spørsmål knytt til majoritet og minoritet, samt kollektivistiske versus individualistiske tankesett. Dette kan vi gi oss betre forståing for prosessar og dynamikk blant minoritetar/grupper (etniske, religiøse, sosiale) og i majoriteten. Eg er oppteken av mennesker si søken etter tilhøyre, og korleis dette både gir positive og negative utslag for den enkelte og samfunnet. Dei positive utslaga er opplevinga av felleskap og omsorg, mens dei negative ofte er negativ sosial kontroll, heder- og ærerelatert vald, ekstremisme og radikalisering.  

Innan traumefeltet er eg særleg oppteken av kollektivistiske traume og korleis desse vert forvalta og bearbeidd. Jeg er også oppteken av korleis enkeltindivid og grupper kan bli utnytta gjennom forestilling av et kollektivt «vi», for eksempel i menneskehandel.

Eg har mi erfaring frå HVPU, både frå institusjon og i utflytting til kommunar og bydelar på 1990-talet. Eg har også arbeidd nokre år i Aetat (no Nav) med å følge opp personar som lenge har stått utanfor arbeidslivet.

Frå 2003-2009 jobba eg innanfor det boligsosiale fagområdet i Helse- og velferdsetaten i Oslo kommune, med bosetting og integrering av store barnefamiliar, einslege mindreårige asylsøkjarar og lauslatne frå fengsel. Jeg drifta også nettverk i Oslo kommune innanfor det boligsosiale og integreringsfeltet.

Før jeg begynte ved RVTS Vest jobba eg med den norske rom-minoriteten, først med å bygge opp ein rettleiingssteneste i Oslo kommune, seinare med å bygge opp eit kultur- og ressurssenter i tett samarbeid mellom gruppa og Kirkens bymisjon. Eg har god kjennskap til minoritetsutfordringar som identitet, diskriminering og hatkriminalitet, og om alle typar av vald; æres- og hedersrelatert, kjønnsbasert, generasjonsbasert og økonomisk basert. Eg brenn for å arbeide nettverksbasert, og å rettleie og formidle kunnskap til dei som arbeider med minoritets- og valdsproblematikk.

Ved RVTS Vest jobbar eg hovudsakeleg med ulike formar for vald- og voldsproblematikk. I 2023 er eg prosjektleiar for StimuLab-prosjektet for TryggEst, som er ein modell som kommunene kan innføre for å ta hand om sine risikoutsette vaksne. 

Eg er utdanna cand.polit i sosialantropologi frå Universitetet i Oslo med statsvitenskap og idéhistorie som støttefag.

Eg har vidareutdanning innanfor coaching- og kommunikasjon frå OsloMet. Eg har også ulike typar kurs i prosjektleiing, tillitsvald- og verneombudsarbeid.