Aktuelt
Informasjon om hjelpetilbod – sjølvmordsførebygging
- 13/01/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: etterlatte Førebygging Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading
Ei nyleg gjennomført befolkningsundersøking syner at mange har lite kjennskap til helsetilbodet til personar med sjølvmordstankar. Mange veit ikkje kor dei skal henvende seg for å få hjelp.
Helsedirektoratet, som foretok undersøkinga, oppfordrar difor kommunar til å gjere tilgjengeleg informasjon om korleis og kor menneske som opplever kriser, store belastningar og/eller sjølvmordstankar kan søke hjelp.
Informasjonen bør også vere relevant for personar som er bekymra for andre, og innehalde informasjon om offentlege hjelpe-, behandlings- og støttetilbod og ideelle og frivillige tilbod.
RVTS Vest kan bistå kommunar i region vest i deira arbeid med sjølvmordsforebygging. Kontakt oss.
Nyttige lenker i arbeid med sjølvmordsforebygging
Selvmord og selvmordstanker (helsenorge.no)
Selvskading og selvmord – veiledende materiell for kommunene om forebygging (Helsedirektoratet)
“Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv” (Kampanje om å vere open om sjølvmordstankar)
Krisehjelp (Nettside laga av Nasjonalt senter om selvmordsforskning og – forebygging – NSSF)
Bergen kommune sin handlingsplan for å førebygge sjølvmord (RVTS Vest er sentral aktør i arbeidet)
Livet på timeplanen (eit program utvikla for å forebygge sjølvmord og sjølvskading i skulen)