Aktuelt
Gi tid til ungdommane
- 09/10/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt etterlatte Førebygging Kultursensitiv Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Skole
Illustrasjonsfoto: Unsplash
Verdensdagen for psykisk helse 2019 handlar om å “Gi tid”.
I den samanheng ønsker vi å løfte fram viktigheita av å gi tid til ungdommane vi har rundt oss. Ved å gi tid kan vi lettare fange opp dei som har det vanskeleg, anten det er på skulen, fritidsklubben eller heime.
Når vi får innsikt i kva som skjer i liva deira kan vi faktisk bidra til å forebygge psykiske helseproblem, herunder sjølvmord og sjølvskading.
Auka kunnskap
Det er barn og unge som på ulike måtar strevar i livet sitt, noko som kan skape utfordringar både pedagogisk og sosialt. Erfaring syner at vi snakkar for sjeldan med barn og unge vi er bekymra for. Orsaka til dette kan vere at vi er usikre på kva vi skal gjere, anten ein jobbar som lærar eller er omsorgsperson.
Dersom du er tilsett i skulen er du i posisjon til å fange opp elevar som har ein vanskeleg livssituasjon, endra atferd eller debuterande psykiske helseproblem, herunder sjølvskading og sjølvmordsatferd. Men som tilsett i skulen treng du kanskje auka kunnskap om korleis du skal snakke med elevar om vanskelege tema, korleis følge opp og kven du skal kontakte dersom den unge sliter.
Det kan vere fleire grunnar til at du som omsorgsperson vert bekymra for barnet ditt. Ei bekymring kan vekse over tid eller komme fordi du har ein mistanke om at noko har skjedd.
Det er ikkje uvanleg at barn unngår å fortelle foreldre om kva som plagar dei eller kva dei har vore utsett for. Foreldre kan oppleve fortvilelse, frustrasjon og sinne når kontakten med sitt eige barn ikkje skapar tryggleik og gir oppklaring i ei bekymring man kjenner på. Kjensla av maktesløyse som forelder kan vere vond.
Dersom du ikkje har kjennskap til kor du kan henvende deg for å søke råd eller rettleiing kan dette på sikt skape ei uheldig dynamikk i familien.
Livet på timeplanen kan vere ein ressurs for deg
RVTS Vest har i samarbeid med RKBU Vest (NORCE) utvikla Livet på timeplanen, som er eit opplæringsprogram for skulepersonell og skulehelsetenesta. Livet på timeplanen er i tillegg ei nettressurs som kan nyttast av alle som er interessert eller treng meir kunnskap om forebygging av sjølvmord og sjølvskading. Her finn du konkrete råd om kva du kan gjere dersom du er bekymra. I tillegg finn du filmar, relevante nettsider, lenke til krisehjelpssider, informasjon om barn og unge som etterlatte, sjølvmord og smitte, kultursensitiv sjølvmordsforebygging med meire.
Nettressursen rettar seg mot tilsette i skule, skulehelsetenesta, skuleleiing samt til dei som har barn i skulen.
Sjå nettressurs: