Geir Olsen
- Særleg fokus
- Erfaring
- Utdanning
Eg har særleg fokus på korleis møte og handtere vald og aggresjon på ein optimal måte.
Brenn for: At vi må ha møteplassar på alle nivå for å byggje kompetanse.
Klinisk erfaring frå arbeid ved habiliteringsavdelinga for vaksne Breistein, akuttpsykiatrisk post 1 Haukeland Sykehus, 8. avdeling Gaustad, akuttmottak for rusavhengige M3 Oslo, Somatisk Akuttmottak Aker Sykehus, Regional Sikkerhetsavdeling Sandviken. Tilsett i 14 år ved kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri. Tilsett ved RVTS Vest fra 2014.
Bygget opp og implementerte kompetanseprogrammet TERMA (TERapeutisk Møte med Aggresjon) i åra 2003 – 2014 og samarbeidde med SLSO i Stockholm om utvikling av «Bergenmodellen» i åra 2005 – 2014.
Eg har Bachelor i sykepleie, ein interfakultær Cand. Mag frå Uib og Master frå Sykepleievitenskap ved det Medisinsk-Odontologiske Fakultet ved UiB: «Symbolsk vold og bruk av makt i norsk psykiatri» – ein praxiologisk studie som beskriver og forklarar symbolsk vald og bruk av makt med Pierre Bourdieus praktikk- og feltteori som verktøy. Eg har óg vidareutdanning i kognitiv terapi, er utdanna sinnemeistringsterapeut i Brøset-programmet og har gjennomført studiet om operativ psykologi ved UiB.