Aktuelt
David Hansen, KRUS (Kriminalhøgskolens utdanningssenter og høgskole).
Nyleg arrangerte vi mentornettverkssamling for mentorar mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Temaet for samlinga var «fra innsiden til utsiden» med fokus på de-radikalisering og re-integreringsarbeid i kriminalomsorg og kommune. Hovudforelesar var David Hansen, førsteamanuensis ved KRUS (Kriminalhøgskolens utdanningssenter og høgskole). Hansen engasjerte med sitt sterke, interessante og viktige foredrag om erfaringar og utfordringar i arbeidet med radikalisering og valdelig ekstremisme i kriminalomsorgen.
TOT radikalisering, ved utekontakten i Bergen bidro i samtale med to av Bergen kommune sine operative mentorar; imam og mentor, Azeem Mohammad og sosionom og mentor, Yngve Berland.
Jeg har aldri blitt sett og hørt tidligere før jeg fikk en mentor. For første gang i livet blir jeg sett på som et menneske
– Denne tilbakemeldinga beskriver privilegiet vi har som mentorar, sa Yngve Berland frå Utekontakten. Han er operativ mentor i arbeidet med radikaliserte. Han understrekar samtidig at han aldri hadde fått til ein slik relasjon om han ikkje hadde den tida han har til disposisjon.
– Vårt mentoroppdrag er så mykje meir enn jobb. Vi strekker oss veldig langt for å få til ein relasjon; det kan for eksempel vere telefonsamtalar ved midnatt. Å ha fleksibilitet til å vere tilstades for å snakke når vedkommande er klar for det, er ein viktig faktor for å kunne lykkast.
Han seier vidare: – Vi prøver alt for å skape eit så godt liv som mogleg for den vi jobbar med. Grunntanken frå starten av, er at dersom den vi forsøker å hjelpe opplever å få eit verdig liv, tenker vi at haldningar og tiltrekninga mot det ekstremistiske vil forsvinne.
Bjørn Harald Aare Nilsen, radikaliseringskontakt for Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden, hadde eit inspirerande innlegg som ga innblikk i korleis bruke mentorkompetanse i det politifaglege arbeidet med radikaliserte. «Det er ingen som har hørt på meg slik du har gjort eller møtt meg på denne måten før» er utsagn Bjørn Harald Aare Nilsen har fått høyre i sitt arbeid med radikaliserte.
– Verdiar som genuinitet, interesse, tryggleik og tillit er viktig i mitt politifaglege arbeid, understrekar han. Vår jobb som politi er å starte prosessen, å kartlegge, og ikkje vere dømmande på noko vis og å sjå totalbiletet. For mange av dei vi møter har verden rast saman. Vi treng derfor å få innblikk i det dei trenger.
Vidare seier han: – Om vi skal lykkast i å skape tryggleik, treng vi ein stø kurs og å lage ein plan som krev rotfeste. Vi treng å vere med for å bygge opp grunnstrukturen i livet på en truverdig måte. Det skal vere ein plan og vi skal bygge opp. Det vi planlegg skal gjennomførast. «Neste fredag ringer eg deg. Då skal du ha snakka med sjefen din på jobb. Ok?». Vi i politiet skal også motivere til positiv endring. Det er samtidig avgjerande å jobbe med samarbeidande instansar- å tenke menneske som heilheit.»