Aktuelt
Forebygging av polarisering gjennom inkludering
- 21/09/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
Illustrasjonsfoto: Pixabay
23. oktober er det eit seminar om samarbeid for forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Bergen kommune har hatt ein plan for forebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme sidan 2014, og ein viktig del av oppfølginga av planen har vore eit samarbeid mellom kommunale og regionale myndigheiter i Bergen og moskémiljøa i byen.
Er personar med innvandrarbakgrunn og med ein muslimsk bakgrunn i risikosona for å bli rekruttert til radikaliserte miljø? Spørsmålet har fått mykje merksemd.
Bergen moské, Vest politidistrikt, Bergen kommune og RVTS Vest har sidan 2015 hatt eit samarbeidsprosjekt for kompetanseheving av imamar og leiarar i moskeane i byen kring dette temaet. Ein kunnskapsbasert tilnærming til tematikken for å forstå kva som kan vere sårbarheitsfaktorane som kan føre til radikalisering har vore viktig for samarbeidspartnarane i prosjektet.
På seminaret skal dei dele erfaringane frå prosjektet og diskutere kva som har vore vellykka og mindre bra i arbeidet med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme dei siste åra. Det er av avgjerande betydning at det er eit tillitsforhold mellom moskémiljø, politi og myndigheiter. Dette har dei erfart gjennom møter med kollegaer i andre europeiske land.
Kvifor er ikkje tillitsforholdet like godt alle stader? Det vert også satt søkelys på hatprat og islamofobi som er fenomen som er med på auke opplevinga av utanforskap hos personar med muslimsk bakgrunn. Innleiarane på seminaret kjem frå Noreg og Storbritannia. Målgruppe for seminaret er moskear og offentleg tilsette som politi, kommunetilsette og politikarar, samt andre interesserte. Meld deg på seminaret.
Dagen etter seminaret er det Nasjonal konferanse for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme i Bergen.