Aktuelt
Førebyggande planar i arbeid med barn og unge
Statsforvaltaren, KORUS, RVTS, RKBU, NAPHA og KS inviterer kommunane i Vestland, til å delta i ein planprosess våren 2023.
Planprosessen har særleg merksemd på førebyggande arbeid retta mot barn, unge og foreldre. Målet er å lage ein arena for erfaringsdeling mellom kommunane samt bidra til større samanheng i planverket på førebyggingsfeltet.
Støtte til kommunane
Implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som held oppe merksemda og innsatsen over tid. Statsforvaltaren, kompetansemiljøa og KS ønskjer å gjere det vi kan for å støtte kommunane i arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving i planprosessane er eit slikt grep. Sjå meir i invitasjonen som er sendt til alle postmottaka i kommunane i Vestland.
Første samling 25. – 26. januar
På første samling vil vi presentere dei som skal bidra i arbeidet, ha fokus på rammer for kommunalt planarbeid og dei ulike områda som det er forventa at kommunane skal ha førebyggande planar på. Kommunane presenterer kort kor dei er i arbeidet med planar på barn- og ungeområdet.
Nokre kommunar deler sine erfaringar med å ta i bruk offentleg datagrunnlag og eigne kartleggingar som grunnlag for sitt planarbeid på dette feltet.
Praktisk informasjon
Det er gratis for kommunane å delta på samlinga. Kommunane må sjølv dekkje reiseutgifter.
Første samling er i Bergen, og startar til lunsj den 25. januar og avsluttar med lunsj klokka 13:00 – 14:00 den 26. januar 2023.
Påmeldingsskjema og meir informasjon om kommande samlingar: Statsforvaltaren i Vestland si nettside.