Aktuelt
Fagdagar om barn og unge som etterlatte etter sjølvmord
- 05/12/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn barnesamtalen etterlatte Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging
Når eit sjølvmord skjer synast mange at det er vanskeleg å møte dei etterlatte.
Dei veit ikke kva dei skal seie eller korleis dei skal snakke med dei. Endå større utfordringar er det i møtet med barn og unge som har mista nære i sjølvmord; Det visar seg at ofte får ikkje barnet eller ungdommen den hjelpa dei treng fordi ingen vågar å snakke med dei om det som har skjedd.
Vi arrangerer fagdag i Florø som kan hjelpe dei som jobbar med barn og unge til å møte desse på ein god måte. Fagdagen gir også ei forståing av kva som er spesielt med sorgen barnet eller ungdommen opplever når dei er etterlatte etter sjølvmord.
Fagdagen har allereie vore arrangert i Stavanger og Bergen.
Tema er:
• ”Vanlig sorg” og det spesielle ved å vere etterlatt etter sjølvmord
• Utfordringar i familien etter sjølvmord
• Korleis sørger barn?
• Vanlege reaksjonar hos barn og unge som etterlatte
• Skulevanskar
• Forhold til vener
• Modning og vekst
• Samtalar med barn og unge