Endringsagentar

Førebygging av kjønnslemlesting

Endringsagentar

Førebygging av kjønnslemlesting

Kurset «Endringsagentar» går 2 timar per veke i 12 veker. Deltakarane på kurset er kvinner i miljø kor omskjering er ein del av praksisen.

Kvinnene skil seg ut ved at dei kjenner sine miljø godt og har ei truverdigheit i eigne miljø. Dei kan bidra til endring. Samstundes kan også helsepersonell som møter problematikken vere med på endringsagentkurs, og fungere som endringsagentar. T.d helsesøstre.

– Mitt fokus under desse kursa er ikkje å avdekke om omskjeringhar blitt utført på barna til desse kvinnene, men å førebyggje at omskjering skjer i desse miljøa, seier Chiku Ali som har utvikla kurset. – Vi ser dessverre at lovar og reglar ikkje fungerer. Dersom ei kvinne seier «Det er ikkje lov, difor har eg ikkje latt mine døtre bli omskorne. Hadde det vore lov, hadde eg gjort det». Då veit eg at eg har ein jobb å gjere.

– Vi samtalar mykje kring «best practise» på kursa. Vi går til dømes gjennom alle dei etniske gruppene vi har i Noreg, og korleis dei ulike sedane og skikkane er når det gjeld omskjering. Tenkjer dei kultur? Religion? Skjønnheit? Eller kva? – I tillegg pratar vi om å ha ei holistisk tilnærming. Vi ser på andre skadelege tradisjonar som er til skade for kvinner og barn si helse; tidleg ekteskap, tidleg svangerskap, fleirkoneri, HIV/AIDS, ulike typar kroppsmerker (scarification), vald mot kvinner og barn; her diskuterer ein spørsmål om likestilling, undertrykking av kvinner og barneoppdragelse.

Innhald  i kurset:

  • Fordjupning i sjølve praksis for å avskaffe myter og andre misforståingar kring ­temaet

  • Omskjering som helseskadeleg tradisjon

  • Frå arbeidet som vert gjort i Afrika for å stoppe omskjering

  • Gå gjennom ulike metodar for å førebygge/stoppe omskjering som har vore i bruk; kva er verksamt?

  • Gå gjennom ulike ”best practise” som har gjeve gode resultat:

    – AROP, ”Alternative Rites of Passage”

    – Film: ”Molaade”, laga i Senegal og Burkina Faso i 2004 

  • I Noreg fins ulike grupper med ulike forståingar av omskjering; drøfting av situasjonen i Noreg. Eit tema vil vere frivillig underlivsundersøking.

  • Arbeide med å forstå at dette temaet er kulturelt sensitivt

  • Utvikle aktiv deltakarmetode

  • Identifisering av eigarskap av problemstillinga, det vil seie å arbeide med begrepet ”Empowerment” til målgruppene

Foto: Kurs for endringsagentar på Voss.

Kontaktperson:

Endringsagentar – forebygging av kjønnslemlesting

Chiku Ali

Spesialkonsulent
Mobil: 93 26 21 11
E-post