Aktuelt
Digital workshop om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
- 01/06/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Sosial kontroll Tvangsekteskap Vold
Foto: Linda Xu / Unsplash
Den 10. og 11. juni inviterer Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) til workshop for tilsette i førstelina som møter unge utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
– Seminaret er ekstra relevant for RVTS Vest sine medlemmer i dei regionale nettverkene mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og deira øvrige samarbeidspartnarar i barnevern, familievern, politi, NAV, utekontakt, skule, helse, flyktninghelse og så vidare, sier Elisabeth Harnes, RVTS Vest sin koordinator for det regionale nettverksarbeidet.
I region vest koordinerer RVTS Vest (på bakgrunn av tiltak 23 i den nasjonale handlingsplanen mot tvangsekteskap og æresrelatert vald) blant anna Vestlandsnettverket (tidlegare Bergensnettverket) mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i samarbeid med Vestland fylkeskommune. I tillegg samarbeider vi med Stavangernettverket, Nord-Rogaland Nettverket og fagteam i Rogaland fylkeskommune som er sentrale aktørar i arbeidet med negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i vår region.
Innhald i fagdagen
Tema for dagen er korleis forebygge og handtere saker som omhandlar negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald.
- Erfaringar frå Sverige, Danmark og Norge
- Caser frå tiltakskjedja og førstelinetenesta i Noreg
Med tanke på at casene vert presentert av regionale samarbeidspartnarar, har IMDi tenkt seg følgande deling for deltaking:
- Torsdag 10. juni er målgruppa primært deltakarar frå region nord, midt og vest.
- Fredag 11. juni er målgruppen primært deltakarar frå region sør, Viken og Oslo.
Det er likevel anledning til å melde seg på den dagen som passar best, uavhengig av regiontilhøyre. Hugs å krysse av i påmeldingsskjema kva dato du ønsker å delta.
Del gjerne med kolleger, nettverk og aktuelle samarbeidspartnarar som kan ha nytte av webinaret.