Aktuelt
Digital samling for Barnekoordinatorar i region vest
- 11/02/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender

Jobbar du som barnekoordinator? Eller har du ansvar for barnekoordinatorordninga?
Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland, RKBU vest, KORUS Bergen og RVTS vest inviterer alle med ansvar og oppgåver knytt til barnekoordinatorrolla til digital samling, onsdag 19. mars Kl. 10-14.
Tema for første samling: Lovkrav, rammer, dokumentasjon og forventingar til rolla som barnekoordinator.
Støtte og erfaringsdeling
I januar gjennomførte vi eit innspelsmøte med kommunane, der vi saman såg på kva behov som kom fram i haustens kartlegging og la ein plan for 2025. Kartlegginga var det Statsforvaltarane som stod for, og det kom fram at kommunane ønsker støtte og tilrettelegging for erfaringsdeling. Vi landa på å gjennomføre fire digitale samlingar i 2025. Samlingane skal ha rom for faglege innlegg, erfaringsdeling, brukarperspektiv og informasjonsutveksling. Vi har og oppretta eit digitalt nettverk der medlemmene kan dele erfaringar, tipse kvarandre om relevante kurs og ressursar og drøfte rolle og funksjon i ordninga.
Godt samarbeid i regionen
Linda R. Kvalvik, områdeleiar barn og unge ved RVTS Vest, fortel at det er eit godt samarbeid mellom kompetansesentra og Statsforvaltarane i regionen.
– Vi har gjort oss fleire erfaringar på at det er nyttig å samle tenestene og lære av kvarandre. For at samlingane og digitalt nettverk skal ha verdi for kommunane og dei som har roller og ansvar i barnekoordinatorordninga, er vi avhengige av at kommunane sjølve bidrar med erfaringsdeling og innspel til fagleg innhald på samlinga. Det er dei allereie godt i gang med, og vi har fleire kommunar som har meldt seg til å dele erfaringar på samlingane! Vi tek gjerne imot innspel frå brukarorganisasjonar, seier Kvalvik: – Vi er i kontakt med nokre organisasjonar, men ta kontakt om du tenker at din organisasjon har viktige perepektiv eller erfaringar for barnekoordinatorordninga!
Kan du tenke deg å få informasjon og mulighet til å delta/bidra på samlingane? Meld deg på her!
Oversikt over samlingar 2025:
Onsdag 19. mars Kl. 10-14 | Lovkrav, rammer, dokumentasjon og forventingar til rolla som barnekoordinator |
Onsdag 30. april Kl. 09.00 – 12.00 | Tverrfaglig samarbeid og koordinering samhandling mellom forskjellige tjenester og aktører rundt barnet og familien. |
Onsdag 3. september Kl. 09.00 – 13.00 | Vurderinger av barnets beste Samarbeid med foreldre og barns rett til informasjon og medvirkning i lys av barnekonvensjon og CRPD |
Onsdag 12. november Kl. 09.00 – 13.00 | Relevante verktøy i arbeidet, som individuell plan, ansvarsgrupper, maler og aktørkart. Søsken og pårørende. |