Digital fagdag om førebygging av sjølvmord hos vaksne
Digital fagdag om forebygging av sjølvmord hos vaksne
12. november 2020
Målgruppe:
Tilsette i kommune som jobbar med vaksne
Lær meir om korleis møte vaksne som strevar med sjølvmordstankar.
Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk.
RVTS Vest og samarbeidspartnarar inviterer til digital fagdag om dette viktige tema.
På fagdagen vil ein lære meir om:
- Korleis oppdage at nokon er i sjølvmordfare
- Korleis førebygge sjølvmord
- Konkrete verktøy for å intervenere ved sjølvmordsfare/kva ein bør gjere dersom ein mistenkjer at nokon er i sjølvmordsfare
- Hjelp til hjelparen: korleis vert me påverka av arbeidet vårt?
I etterkant av fagdagen vil me gje ut refleksjonsoppgåver som dykk kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Me oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.
Dato: 12.november Påmeldingsfrist: 5. november Avgift: Gratis
Tid: 09.00-12.00
Arrangørar: RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
Målgruppe: Tilsette i kommune som jobbar med vaksne
Stad: Teams. Teams-lenke til arrangementet vert sendt ut på e-post, etter påmeldingsfristen. Sjekk difor at du skriv inn riktig e-postadresse i påmeldingsskjema! Dersom ein arbeidsplass planlegg å følgje webinaret saman, så treng berre ein av deltakarane å melde seg på. Skriv antall deltakarar i kommentarfeltet. NB: Vi prioriterer deltakarar frå vårt opptaksområde (Vestland og Rogaland). Deltakarar frå andre stader i landet kan bli avmeldt dersom påmelding overskrider maks tal påmeldte (300 personar). Det blir i så fall sendt beskjed om dette på e-post.
Arrangementet er fullteikna.
Program:
09.00-09.45: Korleis kan ein førebygga sjølvmord?
09:45-10.00: Pause
10.00-10.45: Kva gjer ein ved bekymring for sjølvmord?
10.45-11.00: Pause
11.00-12.00: Hjelp til hjelparen: korleis vert me påverka av arbeidet vårt?
Føredragshalderar:
Gudrun Austad (RVTS Vest, psykiatrisk sjukepleiar)
Åse Mattson (RVTS Vest, psykolog)