Førebygging av utanforskap og valdeleg ekstremisme.
Korleis møte hatefulle utsagn i klasserommet? Kva kan skulen gjere for å førebygge gruppebasert utanforskap, og korleis myndiggjere elevane i dette arbeidet?
Kurset er utvikla spesielt for skule og opplæring. Kurset styrker deltakaren sin kompetanse når det gjeld både haldningar og handlingar og gir teoretisk fundament og konkrete tilnærmingar til førebygging av utanforskap, samt radikalisering og ekstremisme.
Digitalt kurs over 3 dagar, 9-14.00 kvar dag. Påmeldingsfrist er tirsdag 8. februar.