– Det er supert å nytte telematikk, seier Chiku Ali. – Dei ein skal møte kan sitte kor som helst i regionen, så lenge dei har telematikkutstyr, og ein kan få til eit godt møte.
Chiku Ali, spesialkonsulent i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon i møte med NAV Sogndal, flyktningkonsulentar og vaksenopplæringa. Tema er arbeid med flyktningar.
RVTS Vest nyttar telematikk til både samarbeidsmøter og rettleiing. Vi har og hatt undervisning via telematikk.
Dersom arbeidsplassen din har tilgjengeleg telematikkutstyr er dette ein måte å få til møter med oss, som eit alternativ til reise.